Festspela opna
H.M. Kongen opna dei 57. Festspela i Bergen i dag. Festspela presenterer kunst innanfor alle genrar: musikk, litteratur, teater, dans, opera og biletkunst, og er den største festivalen for musikk og teater i Norden.
20. mai 2009
Festspela formulerer det viktigaste målet sitt som "å presentere kunst på høyeste nivå til flest mulig mennesker".
Høgdepunkt på årets program er blant anna:
- To nye teaterproduksjonar av Vegard Vinge/Ida Müller og Tore Vagn Lid.
- Brei presentasjon av elektronikapioner Knut Wiggen.
- Bent Sørensens musikkteater Sounds Like You har urpremiere.
- Brecht og Weills Tolvskillingsopera i regi av Robert Wilson.
- Stor markering av Jon Fosses 50-årsjubileum.
- Nokre av dei fremste barytonane i verda: Bryn Terfel, Matthias Goerne, Peter Mattei og Dietrich Henschel.
- Sopranen Anne Sofie von Otter, Sissel Kyrkjebø og Det Norske Solistkor.
- Leif Ove Andsnes, Julian Rachlin og Mischa Maisky.
- Musikkteater med Bent Sørensens Sounds Like You med Trond Espen Seim og Anneke von der Lippe i rollene.
- Ein konsertversjon av Bela Bartóks Riddar Blåskjeggs borg.
- Musikalsk samarbeid med hindutempelet i Bergen som presenterer klassisk musikk og dans frå Sør-India.
- Samarbeid med Kringkastingsorkestret om to konsertar med Gabriel Fliflet og Truls Mørk i selskap med Andrew Manze.
- Carte Blanche presenterer tre forskjellige framsyningar på tre forskjellige stader i løpet av Festspela, deriblant ein urpremiere av Eva Cecilie Richardsen.
Leonard Rickhard er Festspelkunstnar 2009.
