Hopp til innholdet

Som følge av Kong Haralds bortgang kan det forekomme en del feil på dette nettstedet en tid framover.

Filadelfiakyrkja 100 år

Prinsesse Astrid, fru Ferner var til stades ved markeringa av 100-årsjubileet til Filadelfiakyrkja i Oslo laurdag ettermiddag.

16. oktober 2016

Prinsesse Astrid, fru Ferner får blomster av Signe Pihlstrøm Frostlid. Foto: Marita Rønningen, Filadelfiakirken/23bilder


Prinsessa vart motteken av forstandarane i kyrkja, Håkon Jahr, Daniel Egeli og Andreas Hegertun. Sjølve jubileet vart markert med ein festkonsert der pastor Egil Svartdahl heldt festtalen.

Tilslutta Pinserørsla

Filadelfia Oslo vart grunnlagd av Thomas Ball Barratt i 1916 og var den første kyrkjelyden i Kristiania som var tilslutta pinserørsla. Sjølv om kyrkjelyden formelt vart danna i 1916, nesten ti år etter etableringa av pinserørsla i Noreg, hadde «kyrkjelyden» alt halde møte i Kristiania, i ulike leigde lokale, heilt frå 1910.

Prinsesse Astrid, fru Ferner under festkonserten. Foto: Marita Rønningen, Filadelfiakirken/23bilder
Prinsesse Astrid, fru Ferner får blomster av Signe Pihlstrøm Frostlid. Foto: Marita Rønningen, Filadelfiakirken/23bilder