Hopp til innholdet

Finalekonsert i Prinsesse Astrid internasjonale musikkpris

Tre unge fiolinistar i verdsklasse stod på scena med Trondheim Symfoniorkester & Opera i går kveld. Prinsesse Astrid, fru Ferner gratulerte finalistane i ei videohelsing som blei vist under utdelinga.

13. september 2024

Prinsesse Astrid sitter smilende med hunden sin på fanget.
Prinsesse Astrid sender ei videohelsing til utdelinga av Prinsesse Astrid internasjonale musikkpris 2024 i Trondheim. Foto: Liv Anette Luane, Det kongelege hoffet

Dei tre fiolinistane Jiayi Chen (28) frå Kina, Sara Dragan (25) frå Polen og Sungmin Cho (23) frå Sør-Korea spelte finalekonsert i Olavshallen i Trondheim framfor ein internasjonal jury beståande av sju anerkjende fiolinistar og bransjepersonar.

Jiayi Chen, Sara Dragan og Sungmin Cho spelte finalekonsert med Trondheim Symfoniorkester & Opera. Foto: TSO

– Eg vil gratulere finalistane – og særleg fiolinisten som til slutt går av med sigeren seinare i kveld, sa Prinsesse Astrid i helsinga si.

– Musikken er eit språk som ikkje treng ord. Den skaper verdifulle fellesskap – rører og inspirerer på tvers av kulturar og generasjonar.

Ho takka vidare juryen, musikarane og alle som har bidrege til å gjennomføre konkurransen – til glede for eit stort og takknemleg publikum.

Den lengstlevende musikkonkurransen i Norge

Heilt sidan 1953 har musikkprisen som ber namnet til Prinsesse Astrid vorte delt ut til unge musikarar. Anna kvart år kjem talent frå heile verda til Trondheim for å konkurrere i kunstforma si.

Til slutt var det Sara Dragan som stakk av med sigeren i den 23. utgåva av musikkonkurransen. Ho vann førstepremien på 160 000 kroner og eit solistoppdrag med Trondheim Symfoniorkester & Opera.

Beste norske deltakar blei Inga Våga Gaustad (25). Inga kom til andre finalerunde, og vann med det Finn Audun Oftedal minnestipend på 10 000 kroner.

Prinsesse Astrid, fru Ferner, er beskyttar for Trondheim Symfoniorkester & Opera som arrangerer musikkonkurransen.

Sara Dragan frå Polen vann Prinsesse Astrid Internasjonale Musikkpris 2024. Foto: TSO

Prinsesse Astrid Internasjonale Musikkpris

Prinsesse Astrid sitter smilende med hunden sin på fanget.
Prinsesse Astrid sender ei videohelsing til utdelinga av Prinsesse Astrid internasjonale musikkpris 2024 i Trondheim. Foto: Liv Anette Luane, Det kongelege hoffet
Sara Dragan frå Polen vann Prinsesse Astrid Internasjonale Musikkpris 2024. Foto: TSO
Inga Våga Gaustad (25) vann Finn Audun Oftedal minnestipend som beste norske deltakar. Foto: TSO
Finalistane og juryen. Foto: TSO