Hopp til innholdet

Følgjer OL i Vancouver

H.K.H. Kronprins Haakon er til stades i Vancouver og følgjer innsatsen til dei norske utøvarane i vinterleikane. Kronprinsen er i OL-byen 12.-17. februar.

15. februar 2010

Aller først overvar Kronprins Haakon den store opningsseremonien som innleidde leikane. Canada - og ikkje minst den canadiske urbefolkninga, leikane blir haldne på deira land - ønskte over 5500 utøvarar og støttespelarar frå meir enn 80 land velkommen.

Det var ishockeyspelaren Tommy Jakobsen som hadde æra av å bere flagget da den norske troppen marsjerte inn på stadion.

Norske øvingar

Hopp normalbakke var den første øvinga Kronprinsen besøkte, før kvinnenes sprint i skiskyting. Søndag fekk Kronprins Haakon sjå Emil Hegle Svendsen ta Noregs første medalje, da Hegle Svendsen fekk sølv i mennenes skiskytarsprint.

Søndag vart det òg høve til eit besøk i den norske sjømannskyrkja i Whistler, i tillegg til kombinert hopp og langrenn.

I dag og i morgon skal Kronprinsen etter planen sjå:

  • Langrenn 10 km, kvinner
  • Langrenn 15 km, menn
  • Superkombinasjon utfor, menn
  • Snowboard cross, kvinner

Opplevingar på Twitter

Kronprins Haakon sender meldingar om inntrykka og opplevingane sine via Kronprinsparets kanal på Twitter. Her kjem òg helsingar til dei norske utøvarane.
- Gratulerer med første norske sølv Emil Svendsen. Knallbra. Også imponerende med 14. plass for Bjørndalen med 4 bom, twitra Kronprinsen etter skiskytarsprinten søndag.

Kongen og Dronninga

20. februar kjem Kong Harald og Dronning Sonja til OL-byen. Dei vil følgje leikane fram til 27. februar.

OL i Vancouver

Kronprins Haakon ser hopp normal bakke sammen med skipresident Sverre Seeberg og idrettspresident Tove Paule (Foto: Heiko Junge / Scanpix)
Spennende på herrenes sprint i skiskyting (Foto: Heiko Junge / Scanpix)
Emil Hegle Svendsen ble første norske medaljevinner med sølv i skiskytter-sprinten (Foto: Lise Åserud / Scanpix)
Kronprins Haakon med Kronprinsesse Mary av Danmark under medaljeseremonien for herrenes sprint i skiskyting (Foto: Heiko Junge / Scanpix)
Kronprins Haakon har også besøkt den norske sjømannskirken i Whistler under OL-besøket (Foto: Cornelius Poppe / Scanpix)
De norske utøverne ankommer åpningsseremonien med ishockeyspiller Tommy Jakobsen som flaggbærer (Foto: Lise Åserud / Scanpix)