Folkemusikalsk meistermøte
Hennar Majestet Dronninga var til stades da norske meistrar i folkemusikk og -dans var samla til festframsyning i Operaen i kveld.
23. november 2014

Kvar sommar møtest utøvarar frå heile landet for å konkurrere i folkemusikk og folkedans på Landskappleiken og Landsfestivalen i gammaldansmusikk. Vinnarar blir kåra i spel, dans og kveding. Det var desse meistrane som i kveld var samla til ei stor framsyning i Operahuset i Bjørvika.
Breitt spenn
Omkring 100 meistrar i ulike greiner, mellom 12 og 80 år gamle, gav publikum hallingkast og hardingfele, langeleik og bukkehorn, trekkspel, stev og annan folkesong, dans og -musikk.
– Vi har eit fantastisk mangfald som vi gler oss til å syne fram for fleire. Det blir stas å sjå og høyre dei beste utøvarane framføre slåttar, stev og dans i landets eiga storstove. På denne konserten får ein Noregs folkemusikktradisjonar i eit nøtteskal, fortel prosjektleiar Rannveig Djønne til Folkorg.no.
Møte i pausen
I pausen avla Dronning Sonja ein visitt i Flagstad-rommet for å samtale med fem av utøvarane. Ho fekk høve til å møte Ole Nilssen og Solveig Brekke Hauknes, vinnarar av pardans senior, Ole Aastad Bråten, kongepokalvinnar i langeleik, Gro Marie Svidal, vinnar av hardingfele, og Tom Willy Rustad, vinnar av munnharpe senior.
Framsyninga var eit samarbeid mellom Den Norske Opera & Ballett og FolkOrg – Organisasjon for folkemusikk og folkedans.

