Hopp til innholdet

Føredrag og pris heidrar Jon Fosse

Regjeringa har oppretta det årlege Fosseforedraget og Fosseprisen for omsetjarar som ei heidring av Nobelpris-vinnaren Jon Fosse. Arrangementet er i regi av Nasjonalbiblioteket.

27. november 2024

Prisen og foredraget er opprettet til ære for Jon Fosse, som mottok Nobelprisen i litteratur i 2023. Foto: Agnete Brun / Nasjonalbiblioteket

Vinnaren av den første Fosseprisen og kven som skal halde det første Fosseføredraget, vart offentleggjorde av kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery og nasjonalbibliotekar Aslak Sira Myhre denne veka.

24. april 2025 vil franske Jean-Luc Marion halde det første Fosseforedraget på Det kongelege slott. Marion er særleg oppteken av tema som kjærleik, gåva og Gud som fenomen, og set skjønnlitteraturen høgt.

Marion vil snakke om litteraturen frå sitt perspektiv i Fosseforedraget. Foto: Gorm K. Gaare / Nasjonalbiblioteket

Den første mottakaren av Fosseprisen for omsetjarar er den tyske omsetjaren Hinrich Schmidt-Henkel. Han har omsett ei rekkje norske forfattarar, mellom anna Kjell Askildsen, Jon Fosse, Henrik Ibsen, Cecilie Løveid, Tarjei Vesaas og Ruth Lillegraven til tysk. Ikkje minst har hans omsetjing av Vesaas gjeve forfattaren ein renessanse i Tyskland. Schmidt-Henkel vi motta prisen under arrangementet på Slottet i april 2025.

Schmidt-Henkel sin omsetjing av Vesaas har gjeve forfattaren ein renessanse i Tyskland. Foto: Nasjonalbiblioteket


Hennar Høgvyrde Kronprinsesse Mette-Marit er kongeleg beskyttar for både foredraget og prisen.

Kjelde: nb.no

Kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery og nasjonalbibliotekar Aslak Sira Myhre under kunngjeringa. Foto: Nasjonalbiblioteket
Hinrich Schmidt-Henkel vil motta Fosseprisen i april 2025. Foto: Nasjonalbiblioteket
Jean-Luc Marion vil holde det første Fosseforedraget i april 2025. Foto: Gorm K. Gaare / Nasjonalbiblioteket
Prisen og foredraget er opprettet til ære for Jon Fosse, som mottok Nobelprisen i litteratur i 2023. Foto: Agnete Brun / Nasjonalbiblioteket