Føredrog om fattigdom og verdigheit
Temaet var fattigdom og verdigheit da H.K.H. Kronprinsen i dag heldt føredrag for ein fullsett sal ved Universitetet for miljø- og biovitskap (UMB) i Ås.
18. september 2009
Nærare 400 studentar og tilsette ved UMB var i til stades i føredragssalen Arabidopsis da Kronprins Haakon gjennom tre kvarter førelas og svarte på spørsmål knytte til temaet fattigdom og verdigheit. Ettersom om lag 500 av dei rundt 3150 studentane ved UMB er frå andre land enn Noreg, vart føredraget halde på engelsk.
Utviklingsspørsmål står sentralt i UMBs studietilbod og forskingsverksemd. Utviklingsspørsmål opptek òg Kronprinsen, som nytta denne sjansen til å dele erfaringar, inntrykk og historier frå menneske han har møtt på reisene sine. Samtidig fekk han gode spørsmål og vurderingar frå studentar og tilsette ved UMB. Kronprins Haakon har vore FN-ambassadør for United Nations Development Programme (UNDP) sidan 2003.
H.M. Kongen var tidlegare i år til stades ved feiringa av 150-årsjubileet for Ås som forskings- og utdanningsinstitusjon, og Kronprins Haakon opna Ås som universitet i mai 2005.
