Hopp til innholdet

Første etappe mot Stavanger

H.K.H. Kronprinsen køyrde første etappe av EVS Viking rally mellom Oslo og Drammen i dag. I passasjersetet sat rallykøyrar Henning Solberg. Deltakarane i dette rallyet er dei første bilane som køyrer heile den såkalla Hydrogenvegen.

11. mai 2009

Rallyet vart opna ved at Kronprins Haakon køyrde første etappe mellom Økern og Lier saman med Henning Solberg. 14 hydrogenbilar, to plugg-inn hybridbilar og 14 el-bilar starta samtidig i Oslo og vil køyre til Stavanger, der EVS 24 (Electrical Vehicle Symposium) blir opna 13. mai.

Ulike arrangement er planlagde i Porsgrunn, Grimstad, Arendal, Kristiansand, Lyngdal og Egersund. I Egersund vil ytterlegare 10 el-bilar delta i løpet.

Det er ZERO, KNA, Norges Bilsportforbund og HyNor som er arrangør av EVS Viking Rally, og det er ein krevjande konkurranse deltakarane skal gjennom. Mellom Oslo og Stavanger er det lagt inn fleire utfordringar. Blant anna skal det køyrast bilslalåm med tidtaking og bakkeløp i den kjende Korketrekkeren ved Langgangen.

HyNor

HyNor er eit nasjonalt utviklingsprosjekt for å fremje bruken av hydrogen i norsk transportsektor ved å byggje ut ein hydrogen-infrastruktur mellom Oslo og Stavanger. I løpet av 2009 vil stasjonar i Oslo, Drammen, Porsgrunn og Stavanger vere operative. Neste steg er å byggje stasjonar i Kristiansand og Lyngdal og ei forlenging av Hydrogenvegen mot både øst og nordvest ved at det blir bygd stasjonar i Lillestrøm og Bergen.

Kilde: www.hynor.no

EMV Viking Rally

Kronprins Haakon og Henning Solberg som henholdvis sjåfør og kartleser i Viking Rally 2009 (Foto: Erlend Aas, Scanpix)