Hopp til innholdet

Fremtidsbiblioteket

Den Høgvørde Kronprinsesse Mette-Marit overvar overrekkingsseremonien av to nye manuskript til Framtidsbiblioteket. Dette var tekst sju og ni i biblioteket, som gror og veks i takt med skogen.

22. mai 2023

Kronprinsessa saman med dei to forfattarane Judith Schalansky og Ocean Vuong. Foto: Frederik Ringnes / NTB

I hjartet av skogen ligg ein by – i hjartet av byen ligg eit bibliotek – i hjartet av biblioteket ligg framtida.

Sånn begynte byråd for kultur og idrett, Omar Samy Gamal, si helsing under overleveringa av to nye manuskript til Framtidsbiblioteket. Seremonien vart halden midt i Framtidsbibliotekskogen i Nordmarka, der det er planta 1000 tre som skal vekse i takt med utvidinga av biblioteket. Oslo-ordførar Marianne Borgen tok imot manuskripta for oppbevaring på vegner av byen.

Fleire hundre vart med på gåturen inn til Framtidsbibliotekskogen der seremonien vart halden. Foto: Frederik Ringnes / NTB

Framtidsbiblioteket er eit prosjekt av kunstnar Katie Paterson, der forfattarar frå heile verda over dei neste hundre åra vil bidra med forsegla tekstar som først vil bli tilgjengelege i 2114.

På grunn av pandemien var det i år to forfattarar som overleverte tekstane sine, amerikansk-vietnamesiske Ocean Vuong for 2020 og tyske Judith Schalansky for 2022. Med berre titlane, «King Philip» og «Fluff and Splinters: a Chronicle», avslørt er det berre å vente i 91 år før vi får lese kva dei har skrive.

Tekstane blir oppbevarte i eit eige stillerom på Oslo-biblioteket Deichman Bjørvika.

Fremtidsbibliotek

Kronprinsessa saman med forfattar Ocean Vuong, leiar av The Future Library Trust Anne Beate Hovind og kunstnar Katie Paterson. Foto: Frederik Ringnes / NTB
Også Molly Fiskebolle, Kronprinsfamiliens hund, var med på tur i Nordmarka. Foto: Frederik Ringnes / NTB
Fleire hundre vart med på gåturen inn til Framtidsbibliotekskogen der seremonien vart halden. Foto: Frederik Ringnes / NTB
Kronprinsessa saman med dei to forfattarane Judith Schalansky og Ocean Vuong. Foto: Frederik Ringnes / NTB