Hopp til innholdet

Fylkestur til Nordland

I dag starta Kongeparet på ein tre dagar lang fylkestur i Nordland. Det heile vart innleidd i Straumen i Sørfold kommune, der sjaluppen frå Kongeskipet Norge la til kai i dag tidleg.

12. juni 2018

Kong Harald og Dronning Sonja ankommer Straumen. Foto: Berit Roald / NTB scanpix

Hans Majestet Kongen og Hennar Majestet Dronninga har besøkt Nordland ei rekkje gonger, men det er første gongen dei besøkjer akkurat desse fem kommunane – Sørfold, Steigen, Røst, Værøy og Moskenes, i offisielt ærend.

- Jeg har dessverre mistet oversikten over hvor i fylket deres Dronningen har vært, for hun reiser jo opp hit for å bestige et fjell så snart hun har noen inneklemte fridager, spøkte Kong Harald i den første talen sin for turen.

Starta i Sørfold

Straumen var pynta til fest da sjaluppen med Kongeparet glei inn i småbåthamna. På land venta fylkesmann Hill-Marta Solberg, ordførar Lars Kristian Evjenth og politimeister Tone Vangen for å ønskje Kong Harald og Dronning Sonja velkommen til Nordland og Sørfold.

Frå småbåthamna bar det av stad til Straumen skole.

Folkefest ved Straumen skole

Gammal og ung hadde møtt fram ved Straumen skole for å ta del i folkefesten. Hermine Lundestad og Lucas Aleksander Klausen venta spent på å gje blomster til Kongen og Dronninga.

Kongeparet følgjer programmet på Straumen skole i selskap med fylkesmann Hill-Marta Solberg. Foto: Berit Roald / NTB scanpix

Etter talen til ordføraren fekk Kongeparet høyre både «Bruremarsj frå Sørfold» og «Lyden av Sørfold», og dei fekk òg høve til å helse på nokre av dei eldre i kommunen som var samla til kafé på skolen.

Eigen realfagsdag

Sørfold har stolte tradisjonar for kraftproduksjon og industri, og Kong Harald løfta fram samarbeidet med skolen:

- Elkem Salten er en hjørnesteinsbedrift som gjør noe mange burde lære av: De involverer seg i lokalmiljøet og samarbeider med utdanningsinstitusjonene for å friste elever til å velge en retning som i fremtiden kan gi arbeid hos dem. Det er en av grunnene til at vi er samlet nettopp her på Straumen skole i dag.

For Kongeparets besøk fall saman med realfagsdagen i kommunen, og Kong Harald og Dronning Sonja ønskte å ta del i denne timen. Om lag 70 barn og barnehagebarn er i aktivitet på ulike postar i Sørfoldhallen. Vel inne i hallen vart Kongeparet utfordra til spel mot fireåringane Anton og Mathea frå Løkta barnehage.

Mathea og Antoni utfordra Kongeparet til «duell» på skjermen. Foto: Berit Roald, NTB scanpix

Barnehagane i Sørfold er gått inn i den digitale verda ved hjelp av såkalla bordskjermar der fleire kan arbeide saman på ein skjerm på storleik med eit bord. På skjermen kan det spelast spel av pedagogisk art, form og farge, puslespel, ord og matematikk.

Analyse av kongeleg stein

Newton-rommet i Sørfold har vore først ute med å lage ein mineralmodul og har topp utstyr for analyse av steinprøvar. Kongeparet hadde med seg to steinar frå Slottsparken og Bygdø Kongsgard.

Kongeparet møtte Emilie Sofie og Ylva Andrea i Sørfoldhallen. Foto: Berit Roald, Det kongelege hoffet

Steinane vart analyserte på staden av elevar i 9. klasse ved Nordsia oppvekstsenter, som så kunne fortelje Kongen og Dronninga nøyaktig kva for nokre grunnstoff steinane bestod av.

Så var det tid for Kongeparet å dra tilbake til Kongeskipet og setje kursen for Steigen – eit område Dronninga kjenner godt frå mange turar i fjellet.

Kongeskipet utanfor Engeløya med sjaluppen langs sida. Foto: Sven Gj. Gjeruldsen, Det kongelege hoffet

Vidare til Steigen

Kongeparet vart møtte av musikantar og skolebarn som spelte og gjøgla da dei kom til Vollmoen på Engeløya i ettermiddag. Ti år gamle Amanuel Yemane frå Leines skole og åtte år gamle Lea Kristin Nilsen frå Nordfold skole overrekte Kongeparet blomster, før kulturprogrammet starta.

På sletta vart Kong Harald og Dronning Sonja møtte av galdring frå Ulvhilder og Kong Sigar gestalta av Geir Magne Pedersen. Han introduserte eit stykke om dagens Steigen, inspirert av ein scene frå det historiske spelet «Hagbard og Signe». Innslaget gav Kongen og Dronninga eit innblikk i Steigen som ein mangfaldig kommune med sine næringar, kultur og natur – innanfor ramma til det historiske sagaspelet.

Kongeparet hyggjer seg på Vollmoen på Engeløy. Foto: Berit Roald, NTB scanpix

God nok som du er

Etter teaterstykket framførte Anna Holand kjenningssongen til festivalen «God Nok». Festivalen blir arrangert seinare i sommar og kombinerer musikk, teater og dans med toppturar, fisking frå sjark, lokalprodusert mat, padling i skjergarden, klatring og god stemning rundt bålet – i tillegg til faglege foredrag og workshops.

God Nok-festivalen vil vere ei motvekt til det sosiale presset mange føler, og ein fristad frå usunne forventningar om å vere vellykka på alle område i livet. Kvifor slit så mange med dårleg sjølvkjensle i ein tid der vi aldri har hatt større ressursar for å skape eit trygt og godt liv? spør festivalen.

Dronning Sonja løfta fram God Nok i talen sin i ettermiddag:

- Jeg er glad for å vite at dere tar tak i dette på en så fin måte her i Steigen, sa Dronninga.

Dronninga taler i Steigen. Foto: Sven Gj. Gjeruldsen, Det kongelege hoffet


Barn og unge frå kommunen avslutta programmet på Vollmoen med songen «No er tida kommet for farvel».

Middag i kveld

I kveld inviterer ordførar Asle Schrøder til offisiell middag på Manshausen – ei lita øy i Grøtøyleia. Manshausen var, skjerma bak si gode hamn, i si tid ein del av Grøtøy gamle handelsstad.

I morgon held reisa fram til Værøy og Røst.

Fylkestur til Nordland: Dag 1

Kong Harald og Dronning Sonja ankommer Straumen. Foto: Berit Roald / NTB scanpix
Kongen på talerstolen i Straumen. Foto: Berit Roald, NTB scanpix
Dronningen i samtale med noen av kommunens eldre. Foto: Sven Gj. Gjeruldsen, Det kongelige hoff
Emilie Sofie og Ylva Andrea kunne fortelle Kongeparet om grunnstoffene som fantes i de to steinene Kongen og Dronningen hadde med til analyse. Foto: Berit Roald, NTB scanpix
Forsøplingen av havet er et viktig tema som opptar mange, både barn og voksne. Foto: Berit Roald, NTB scanpix
Mathea og Antoni utfordret Kongeparet til "duell" på skjermen. Foto: Berit Roald, NTB scanpix
Kongeskipet ved Engeløya i Steigen. Foto: Sven Gj. Gjeruldsen, Det kongelige hoff
Ti år gamle Amanuel Yemane fra Leines skole og åtte år gamle Lea Kristin Nilsen fra Nordfold skole overrakte Kongeparet blomster, før kulturprogrammet startet. Foto: Berit Roald, NTB scanpix
Kongeparet ankommer Vollmoen på Engeløya i Steigen. Foto: Berit Roald / NTB scanpix
Kongeparet fikk se et spill om Steigen - i sagaspillets ramme. Foto: Sven Gj. Gjeruldsen, Det kongelige hoff
Kongeparet hygger seg på Vollmoen på Engeløy. Foto: Berit Roald, NTB scanpix
Dronningen taler i Steigen. Foto: Sven Gj. Gjeruldsen, Det kongelige hoff

Nordland 2018

Kongen og Dronningen besøkte Nordland på fylkestur 12. - 14. juni 2018. De besøkte de fem kommunene Sørfold, Steigen, Røst, Værøy og Moskenes, og K/S Norge var Kongeparets base under besøket.

Kongen og Dronningen ankommer reisens første stopp: Straumen i Sørfold kommune. Foto: Berit Roald, NTB scanpix.
Kongeskipet Norge er Kongeparet base under besøket - her for anker utenfor Straumen. Foto: Sven Gj. Gjeruldsen, Det kongelige hoff
Kongeparet følger programmet på Straumen skole i selskap med fylkesmann Hill-Marta Solberg. Foto: Berit Roald / NTB scanpix
Kongen holdt sin første tale for turen. Foto: Berit Roald, NTB scanpix
Dronningen i samtale med noen av kommunens eldre på eldrekafé på skolen. Foto: Sven Gj. Gjeruldsen, Det kongelige hoff
Kongeparets besøk sammenfalt med kommunens realfagsdag. På Straumen skole utfordret Mathea og Antoni Kongen og Dronningen til "duell" på skjermen. Foto: Sven Gj. Gjeruldsen, Det kongelige hoff
Skolens Newton-rom er satt opp med utstyr for analyse av steinprøver. Emilie Sofie og Ylva Andrea kunne fortelle Kongeparet om grunnstoffene som fantes i de to steinene Kongen og Dronningen hadde med til analyse. Foto: Berit Roald, NTB scanpix
Forsøplingen av havet er et viktig tema som opptar mange, både barn og voksne. Foto: Berit Roald, NTB scanpix

Viser 8 av 48