Fylkesturen avslutta i Bamble
Kronprinsparets fylkestur i Telemark vart avslutta i dag, da Kronprinsen og Kronprinsessa besøkte Croftholmen vidaregåande skole og INEOS, Rafnes i Bamble.
9. oktober 2008
Fyresdal og Nissedal onsdag
Onsdag starta med besøk på Telemark Kildevann for Kronprinsparet. Etter ei orientering om verksemda ved fabrikken gjekk ferda vidare til Folkestadbyen. På vandring gjennom sentrumsgata fekk Kronprinsen og Kronprinsessa høve til å smake på lokale matvarer og besøkje stands der både barnehage, 4H og elevbedrifter var representerte, før turen gjekk til eit kulturarrangement på Øyskogen.
I Nissedal besøkte Kronprins Haakon og Kronprinsesse Mette-Marit Treungen. Her var Kronprinsparet til stades på eit arrangement i Fleirbrukshuset, der Kronprinsessa talte i høve Verdsdagen for psykisk helse.
Kragerø og Bamble torsdag
Onsdag kveld kom Kronprinsparet til Kragerø, og morgonen etter starta dagen på Levangsheia omsorgssenter. Frå senteret reiste dei med ”Gaven” frå ferjekaia i Stabbestad og inn til Kragerø sentrum. Båten vart helsa med salutt frå Gundersholmen kystfort da dei passerte Gundersholmen.
Etter ei mottaking i Kragerø hamn fekk Kronprinsen og Kronprinsessa ei omvising i Kittelsenmuseet. Deretter gjekk turen opp på ”Steinmannen” – utsiktspunktet over Kragerø. Her teikna Kronprins Haakon og Kronprinsesse Mette-Marit signaturane sine, for plassering ved sida av namnetrekka til Kong Harald og Dronning Sonja.
Bamble vart siste stopp på fylkesturen. Her drog Kronprinsparet til Croftholmen vidaregåande skole, der dei fekk ein presentasjon av skolen og av den lokale historia.
På INEOS' anlegg på Rafnes fekk Kronprinsen og Kronprinsessa ei omvising på fabrikkområdet før eit besøk i kontrollrommet ved etylenfabrikken.
Telemark dag 2








