Gardens kyrkjeparade
Kyrkjeparaden er ein årleg førjulstradisjon for Hans Majestet Kongens Garde. Hans Majestet Kongen og Den Høgvørde Kronprinsen var til stades i Oslo Domkyrkje.
9. desember 2019

I dag var Oslo Domkyrkje fylt til randa av befal og tilsette frå Hans Majestet Kongens Garde. Dette er ein årleg tradisjon, som er ein del av Gardens førjulsmarkering. Gardesjef oberstløytnant Vegard Flom følgde Kong Harald og Kronprins Haakon inn i domkyrkja, før fana vart ført fram.
Gardeprest major Kenneth Henriksen heldt preika for dagen, mens Gardens musikkorps danna ei stemningsfull ramme om det heile med verk som "Silent Night" og "Mitt hjerte alltid vanker".

HMK og KPH gardens kirkeparade 2019
+ 2 bilder

