Gratulantar til Kongeparet
I føremiddag kunne Hans Majestet Kongen og Hennar Majestet Dronninga ta imot representantar for det offisielle Noreg. Dei kom for å gratulere Kongeparet med 80-årsdagane.
9. mai 2017

Gratulasjonsdeputasjonane kom til Slottet frå klokka 11.00 i dag, og Kong Harald og Dronning Sonja tok imot dei i Spegelsalen på Slottet.
Gratulantane representerte det offisielle Noreg, med stortingspresident Olemic Thommessen i spissen. Han gav Kongeparet gåva frå Stortinget: eit måleri av Kong Olavs eidlegging i 1958. Det er kunstnaren Kira Wager som har måla den symboltunge seremonien.
Statsminister Erna Solberg leidde deputasjonen frå regjeringa. Ho er vertskap i morgon, når regjeringa held festmiddag i Operaen til ære for Kongeparet.

Sametinget, Høgsterett, diplomatkorpset, Kyrkjerådet, Samarbeidsrådet for trus- og livssynssamfun og Forsvaret var òg blant gratulantane i formiddag.
Klokka 17.30 startar festen på Slottsplassen, med musikk og drill og akrobatikk. Nær 40 kongelege gjester er venta og vil komme ut på Slottsbalkongen klokka 18.30. Da blir det bursdagssong på Slottsplassen!

Kongeparet 80 år: Deputasjoner





