Gratulerer, Stavanger!
Den Høgvørde Kronprinsesse Mette-Marit var i helga til stades i Stavanger då byen, domkyrkja og bispedømet feira 900-årsjubileet sitt.
10. juni 2025

Markeringa vart ein stor folkefest med aktivitetar for både små og store. På Arneageren vart det lagd ned ein tidskapsel til glede for framtidige generasjonar, og barnekor frå heile bispedømet fylte trappene framfor Stavanger domkyrkje med song. Vågen og området rundt domkyrkja var fylte med musikk og feststemning gjennom heile dagen.
– For historia til Stavanger er på mange måtar òg ei forteljing om Noreg. Ei historie vi er stolte av, og som inspirerer. Difor er vi samla her på Domkyrkjeplassen framfor ei nyrestaurert domkyrkje i dag. Kyrkja som biskop Reinald av Winchester tok til å byggje for nøyaktig 900 år sidan. Og eg synest det er ganske fint å tenkje på at denne byen tok til med kyrkja, sa Kronprinsessa til dei mange som hadde møtt fram framfor Stavanger domkyrkje.

Då Stavanger feira 850-årsjubileet sitt i 1975, deltok både Kong Olav og den dåverande Kronprins Harald i festlegheitene. Også den gongen var det folkefest, musikk og samling av innbyggjarane i byen.


