Hopp til innholdet

Som følge av Kong Haralds bortgang kan det forekomme en del feil på dette nettstedet en tid framover.

Heidra for den norske innsatsen under Special Olympics

Den Høgvørde Kronprins Haakon og Den Høgvørde Kronprinsesse Mette-Marit var til stades då regjeringa gjorde stas på den norske troppen frå Special Olympics World Games i Berlin i sommar.

23. november 2023

Kronprinsparet og idrettspresidenten fekk høve til å snakke med utøvarane om eigen innsats og opplevingane frå i sommar. Foto: Liv Anette Luane, Det kongelege hoffet

Dei norske utøvarane gjorde ein imponerande innsats i Tyskland og kom heim med heile 51 medaljar – 16 gull, 22 sølv og 13 bronsemedaljar.

Kronprinsparet, kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery (t.h.) og idrettspresident Zaineb Al-Samarai (t.v.) saman med dei norske utøvarane frå Special Olympics i Berlin i sommar. Foto: Liv Anette Luane, Det kongelege hoffet

På vegner av regjeringa inviterte kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery til ei mottaking i regjeringa sitt representasjonsanlegg i Oslo for å markere den norske innsatsen i Special Olympics World Games i Berlin.

Kring 40 utøvarar deltok i markeringa i går kveld. Kultur- og likestillingsministeren var full av lovord om dei norske utøvarane og heldt ei helsing saman med idrettspresident Zaineb Al-Samarai.

Kronprinsparet var til stades for å markere den norske innsatsen under Special Olympics. Foto: Liv Anette Luane, Det kongelege hoffet

Kronprinsparet fekk høve til å snakke med utøvarane og høyre om deira opplevingar frå Tyskland. Noreg var representert i handball, turn, rytmisk gymnastikk, bowling, riding, friidrett, judo, symjing, golf og badminton.

Kronprinsparet og idrettspresidenten fekk høve til å snakke med utøvarane om eigen innsats og opplevingane frå i sommar. Foto: Liv Anette Luane, Det kongelege hoffet
Frå mottakinga i regjeringa sitt representasjonsanlegg. Foto: Marte Hoel Romskaug / Norges idrettsforbund
Kronprinsparet var til stades for å markere den norske innsatsen under Special Olympics. Foto: Liv Anette Luane, Det kongelege hoffet
Special Olympics i Berlin var det første arrangementet Zaineb Al-Samarai fekk vere med på som idrettspresident. – Eg er utruleg stolt, og det var stort å sjå våre utøvarar der. Foto: Marte Hoel Romskaug / Norges idrettsforbund
Kronprinsparet, kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery og idrettspresident Zaineb Al-Samarai saman med dei norske utøvarane frå Special Olympics i Berlin i sommar. Foto: Liv Anette Luane, Det kongelege hoffet
Kronprinsparet og idrettspresidenten fekk høve til å snakke med utøvarane om eigen innsats og opplevingane frå i sommar. Foto: Liv Anette Luane, Det kongelege hoffet
Også Madcon tok turen. Den norske duoen laga den offisielle songen til meisterskapet og opptredde på opningsseremonien i Berlin. Foto: Marte Hoel Romskaug / Norges idrettsforbund