Heimkomsten 13. mai 1945
I dag er det 75 år sidan Kronprins Olav kunne vende heim etter 2. verdskrig. Eit hav av menneske ønskte han velkommen da han gjekk i land på Honnørbrygga i Oslo.
13. mai 2020

Kong Haakon og Kronprins Olav hadde måtta forlate landet 7. juni 1940. Den 8. mai 1945 kapitulerte Tyskland, og Noreg var endeleg fritt etter fem års okkupasjon.
Regjeringa i London hadde utnemnt Kronprins Olav til forsvarssjef i juni 1944, ei stilling han hadde fram til 15. juli 1945. Han overtok leiinga av dei norske styrkane og samarbeidet med dei allierte. Det var i kraft av stillinga si som forsvarssjef at Kronprinsen kom heim alt 13. mai, nesten ein månad før resten av Kongefamilien.

Iført den britiske battleuniforma si gjekk Kronprinsen i land på Honnørbrygga i Oslo, der mange tusen var møtte fram for å ønskje han velkommen.
I open bil gjennom gatene
Kronprins Olav køyrde i open bil gjennom gatene i Oslo, omkransa av eit stort folkehav på veg opp til Slottet.

Den kjende motstandsmannen Max Manus sat i framsetet som livvakt. Han fortalde seinare om kor nervepirrande køyreturen hadde vore. Han og dei andre tryggingsfolka frykta at det skjulte seg tyske snikskyttarar i folkemengda.

Hoffmarskalk Broch rådde Kronprinsen frå å flytte inn på Slottet, sidan kongebustaden var sterkt nedsliten og prega av okkupasjonsåra. Men Kronprins Olav flytta inn uansett, og fire dagar seinare stod han som einaste medlem av Kongefamilien på Slottsbalkongen da eit fritt Noreg feira nasjonaldagen.

Han kunne òg ønskje resten av regjeringa velkommen da dei kom til Oslo med det britiske skipet Andes 31. mai.
7. juni
Den 7. juni kom også Kong Haakon, Kronprinsesse Märtha og resten av familien heim til Noreg. Det var på dagen fem år etter at Konge og Kronprins hadde måtta forlate landet.
Hjemkomst 13. mai

Kongehuset under 2. verdenskrig
Tyske tropper angrep Norge morgenen 9. april 1940. Kongefamilien, regjeringen og de fleste av stortingsrepresentantene rakk å flykte nordover før soldatene rykket inn i Oslo. Kong Haakon VII og Kronprins Olav dro etterhvert til London der de ledet den norske eksilregjeringen. Kronprinsesse Märtha og barna tilbrakte krigsårene i USA. Først 7. juni 1945 kunne Kongefmailien vende tilbake.






Viser 8 av 56
Hjemkomst 7. juni 1945
En egen bildeserie fra Kong Haakons hjemkomst etter 2. verdenskrig. Kronprins Olav var allerede kommet hjem, men Kronprinsesse Märtha, Prins Harald, Prinsesse Astrid og Prinsesse Ragnhild fulgte Kongen. De kongelige samlinger kom over disse bildene rett før 70-årsjubileet i 2015. De var oppbevart i USA. Vi gjengir dem med tillatelse fra the Norwegian-American Historical Association, Northfield, Minnesota.






Viser 8 av 10








