Helgøy kyrkje gjenopna
Hennar Majestet Dronning Sonja var til stades da gjenopninga av Helgøy kyrkje i Troms vart markert søndag. Rundt 300 menneske var med på å feire ei nyoppussa og 125 år gammal kyrkje.
30. juni 2014

Dronninga kom til Helgøya i Karlsøy kommune med Kongeskipet «Norge» og helsa blant anna på Jim Mølnes, eldsjel bak restaureringa.
Dugnad
Det vart halde gudsteneste under leiing av domprost Herborg Finnset. Etterpå vart det servert kyrkjekaffi og vaflar i det fine vêret.
For tre år sidan var Dronning Sonja på eit privat besøk til øya og kyrkja. Sidan den gongen har lokalbefolkninga lagt ned fleire tusen dugnadstimar for å få den vakre kyrkja i stand til 125-årsjubileet.
Fråflytta øy
Kyrkja vart i si tid sett opp på Hemnes i Helgeland i 1741, ho vart flytta til Hamn i Senja i 1876, og i 1889 kom ho til Helgøya. No er øya fråflytta vinterstid.
Under besøket stoppa òg Dronninga ved minnesmerke over offer i den andre verdskrigen frå Karlsøy.





