Helsa til Kristiansand Internasjonale Barnefilmfestival
Den Høgvørde Kronprinsessa sende ei digital helsing til Kristiansand Internasjonale Barnefilmfestival i dag. Barnefilmfestivalen fyller 25 år i år og er eit av dei største kulturarrangementa i Noreg for barn og unge.
26. april 2022

– De har mange dagar med fine filmopplevingar framfor dykk. De kjem sikkert til å sjå filmar som får dykk til å både le og gråte, som vil gje dykk noko å tenkje på og gje dykk nye idear. Men kanskje noko av det aller viktigaste er å få oppleve alt dette saman med andre. Ofte blir opplevingane ekstra fine og sterke når vi har nokon å dele dei med, sa Kronprinsesse Mette-Marit i helsinga til opninga av årets festival.
Kristiansand Internasjonale Barnefilmfestival blir arrangert kvart år i slutten av april og har vorte arrangert sidan 1998. Det er tre år sidan sist gong Barnefilmfestivalen vart arrangert på vanleg måte – dei siste to åra har festivalen vore digital.
Hilsen til Kristiansand Internasjonale Barnefilmfestival
Kronprinsesse Mette-Marits hilsen til Barnefilmfestivalen. Foto: Simen Løvberg Sund, Det kongelige hoff.
På programmet under årets festival står 80 filmar frå 23 forskjellige produksjonsland. Det blir vist både langfilmar, kortfilmar og dokumentarar. I tillegg til filmvisingar blir det òg arrangert manuskonkurransar, seminar og workshops for filmbransjen. Målgruppa for festivalen er i hovudsak barn i alderen 6–13 år, men han er òg ein viktig møtestad for alle som arbeider med utvikling, produksjon og formidling av film for barn og unge i Noreg.
Kronprinsessa er beskyttar for Barnefilmfestivalen.
– Eg er stolt og glad over å vere beskyttar for ein filmfestival som viser så mykje god film for barn, og som gjer at barn og unge kan bli glade i film, sa Kronprinsessa.