Hopp til innholdet

Høgtidsgudsteneste i Holmenkollen

Første juledag var Kongeparet til stades på høgtidsgudsteneste i Holmenkollen kapell etter å ha feira jul på Kongsseteren.

25. desember 2025

ong Harald går soknepresten i møte. Dronning Sonja følgjer like bak. Vi ser delar av Holmenkollbakken i bakgrunnen.
Kong Harald og Dronning Sonja vert tekne imot av sokneprest Paul Erik Wirgenes då dei kjem til første juledagsgudstenesta i Holmenkollen kapell. Foto: Terje Bendiksby / NTB

Sokneprest Paul Erik Wirgenes og liturg Einar Martinius P. Hammershaug tok imot Hans Majestet Kongen og Hennar Majestet Dronninga då dei kom til Holmenkollen kapell.

«Å kom nå med lovsang» var inngangssalmen for dagen. Evangeliet for juledagen om Gud som vart menneske var utgangspunktet for preika, frå Johannesevangeliet, kapittel 1, vers 1–14. «I opphavet var Ordet. Ordet var hos Gud, og Ordet var Gud.»

Oversiktsbilete over koret.
Holmenkollen kammerkor, med dirigent Gunn Gjone. Foto: Terje Bendiksby / NTB

Gudstenesta vart avslutta med «Deilig er jorden» før soknepresten lyste velsigninga over kyrkjelyden.

Holmenkollen kapell er ein del av Ris sokn og ligg ikkje langt frå Kongsseteren, der Kongeparet ofte feirar jul. Kapellet vart opphavleg bygt i 1903, men vart øydelagt av brann i 1992. Eit nytt kapell stod ferdig i 1996.

Kong Harald går ut av kyrkja i følgje med soknepresten.
Kong Harald vert følgd ut av sokneprest Paul Erik Wirgenes etter første juledagsgudstenesta i Holmenkollen kapell. Foto: Terje Bendiksby / NTB
Kong Harald og soknepresten tek kvarandre i handa på kyrkjetrappa. Fleire følgjer på.
Sokneprest Paul Erik Wirgenes tek farvel etter første juledagsgudstenesta i Holmenkollen kapell. Foto: Terje Bendiksby / NTB