Holbergprisen til amerikansk jurist
Den Høgvørde Kronprins Haakon overrekte i dag Holbergprisen for 2018 til den amerikanske juristen Cass R. Sunstein. Han får prisen for dei vitskaplege arbeida sine som har hatt stor innverknad på politikkutforming i USA.
6. juni 2018

Overrekkinga skjedde under ein høgtideleg seremoni i Universitetsaulaen i Bergen. Før prisutdelinga møtte prisvinnaren Kronprinsen i audiens.
Holbergprisen er oppkalla etter den norsk-danske forfattaren Ludvig Holberg. Den blir delt ut årleg for framståande vitskapleg arbeid innanfor fagområda humaniora, samfunnsvitskap, juss og teologi.

– Ein av dei viktigaste intellektuelle i vår tid
Harvard-professor Cass R. Sunstein er kjend for det tonegivande arbeidet sitt innan statsrett og demokratiteori, rettsvitskap, åtferdsøkonomi og offentleg politikk, forvaltningsrett og risikoregulering.

«Cass Sunstein er en av vår tids mest vidtfavnende, innovative og toneangivende forskere. Hans vitenskapelige arbeider har redefinert flere forskningsfelt, og den praktiske implementeringen av hans forskning har hatt stor betydning for politikkutforming,» heiter det blant anna i grunngjevinga frå Holbergkomiteen.
Komiteen viser vidare til at den framståande forskinga hans, det politiske engasjementet, den stadige søkinga etter praktiske løysingar og forsvaret hans for den opplyste, offentlege samtalen «gjør han til en av vår tids viktigste intellektuelle».

Nils Klim-pris til norsk statsvitar
Under seremonien i Universitetsaulaen delte minister for forsking og høgare utdanning Iselin Nybø ut årets Nils Klim-pris til den norske statsvitaren Francesca Refsum Jensenius. Ho får pris for forskinga si på val, utvikling og likestillingsspørsmål i India og andre land.
Nils Klim-prisen blir tildelt yngre nordiske forskarar under 35 år for framståande bidrag innanfor dei same fagfelta som Holbergprisen dekkjer.
Jensenius er førsteamanuensis ved Universitetet i Oslo, Institutt for statsvitskap.
Holbergprisen 2018

