Hopp til innholdet

Holbergprisen til indisk forskar

Den Høgvørde Kronprinsen overrakte Holbergprisen 2025 til den indiske forskaren Gayatri Chakravorty Spivak, for den banebrytande forskinga hennar innan litteraturvitskap og filosofi.

6. juni 2025

Kronprins Haakon overrekkjer diplom og pris til årets vinnar av Holbergprisen, indiske Gayatri Chakravorty Spivak. Foto: Eivind Senneset, Holbergprisen

Fleire hundre norske og utanlandske gjestar hadde funne vegen til den høgtidelege seremonien i Universitetsaulaen ved Universitetet i Bergen i går ettermiddag.

Holbergprisen 2025

«Skal vi ha håp om å oppnå eit rettferdig samfunn, må kvar generasjon gradvis avvennast frå mennesket sine grunnleggjande impulsar, som grådigheit, frykt og vald – og frå rase-, klasse- og kjønnsbasert apartheid», sa Spivak i takkjetalen sin. Foto: Eivind Senneset, Holbergprisen
Kronprinsen tok imot prisvinnar i audiens i forkant av prisseremonien. Foto: Liv Anette Luane, Det kongelege hoffet

Gayatri Chakravorty Spivak vart fødd i Kolkata i India i 1942. Ho har fleire universitetsgradar og har no stillinga «University Professor in the Humanities» ved Columbia University i USA. Ho vert rekna som ei av dei mest innflytelsesrike globale intellektuelle i vår tid, og som litteraturteoretikar, feministisk kritikar og postkolonial tenkjar har ho hatt betydeleg påverknad på humaniora og samfunnsvitskap sidan 1970-talet, skriv Holbergprisen på sine nettsider.

Det går vidare fram at særleg forskinga hennar har bidrege til å belyse korleis kolonialisme og imperialisme har forma verdshistoria og framleis påverkar dagens samfunn.

Holbergprisen vert tildelt årleg for banebrytande forsking innan fagområda humaniora, samfunnsvitskap, juss og teologi.

To prisar

Under seremonien i Universitetsaulaen overrekte òg forskings- og høgare utdanningsminister Sigrun Aasland årets Nils Klim-pris. Denne prisen vert tildelt kvart år ein yngre forskar, frå eller i eit nordisk land, for framifrå vitskapleg arbeid innan fagfeltet til Holbergprisen.

I år mottok den finske juristen Daniela Alaattinoğlu årets Nils Klim-pris, for forskinga si om korleis lovverk og samfunn utviklar seg parallelt, korleis grupper mobiliserer for endring, og korleis lovverket inkluderer og ekskluderer grupper basert på interseksjonalitet.

Alaattinoğlu er førsteamanuensis i rettsvitskap ved Åbo universitet (University of Turku).

Den finske juristen Daniela Alaattinoğlu tok imot Nils Klim-prisen. Foto: Eivind Senneset, Holbergprisen