Hopp til innholdet

Holmenkollen 2008

H.M. Kong Harald og Prinsesse Astrid følgde renna i Holmenkollen i helga. Under hopprennet søndag var òg H.M. Dronninga, Kronprinsparet og Prinsesse Ingrid Alexandra til stades.

11. mars 2008

H.M. Dronning Margrethe av Danmark var Kongefamiliens gjest.

Kongefamilien fekk sjå Gregor Schlierenzauer vinne det siste spesialhopprennet i Holmenkollen før bakken blir bygd om til verdsmeisterskapen i 2011. Det norske laget gjorde det godt, med sølv til Tom Hilde og bronse til Romøren.

Tidenes skiløpar

Noregs Skiforbund er 100 år i år, og i den samanhengen tok forbundet initiativet til å kåre tidenes beste norske skiløpar. Ein jury hadde plukka ut ti favorittar som publikum kunne stemme på, blant dei Thomas Alsgaard, Hallgeir Brenden, Oddvar Brå, Gjermund Eggen og Harald Grønningen.

Men det vart Bjørn Dæhlie som gjekk av med sigeren, og laurdag overrekte Kong Harald pokalen som teikn på at Bjørn Dæhlie er vald til tidenes beste norske skiløpar.

Dæhlie er tidenes norske vinterolympiar med åtte gull, av dei seks individuelle, og fire sølvmedaljar. Han har òg ni VM-gull, fem av dei individuelle, og seks sigrar samanlagt i verdscupen, 46 enkeltsigrar i verdscupen og 12 norske meisterskapar.

Holmenkollen 2008

Østerrikes Gregor Schlierenzauer vinner siste renn i Holmenkollen før ombyggingen (Foto: Heiko Junge, Scanpix)
Kronprinsparet med Dronning Sonja og Prinsesse Ingrid Alexandra under hopprennet i Holmenkollen søndag (Foto: Heiko Junge, Scanpix)
Skipresident Sverre Seeberg og Kong Harald på kongetribunen (Foto: Heiko Junge, Scanpix)
H.M. Dronning Margrethe av Danmark var Kongefamiliens gjest under hopprennet i Holmenkollen (Foto: Heiko Junge, Scanpix)
Kong Harald overrak pokalen da Bjørn Dæhlie ble kåret til tidenes skiløper i Holmenkollen lørdag (Foto: Stian Lysberg Solum, Scanpix)
Petter Tande vant World Cup kombinert-rennet i Holmenkollen søndag, foran Mario Stecher (t.v.) og Bernhard Gruber (Foto: Stian Lysberg Solum, Scanpix)