Hopp til innholdet

I hovudkomiteen for ski-VM 2025

Den Høgvørde Kronprins Haakon har takka ja til å delta i hovudkomiteen for ski-VM 2025 i Trondheim, etter invitasjon frå Noregs Skiforbund. I dag hadde komiteen det første møtet sitt.

27. januar 2023

Arbeidet til hovudkomiteen for ski-VM 2025 i Trondheim er i gang. Foto: Claes-Tommy Herland, Noregs Skiforbund

Den nyetablerte hovudkomiteen skal støtte opp om og gje råd til styret for VM-selskapet.

Selskapet VM Trondheim 2025 er eigd av Noregs Skiforbund, Sør-Trøndelag Skikrets og Trondheim kommune. Verdsmeisterskapen på ski, nordiske greiner, blir arrangert i februar 2025.

Hovudkomiteen skal møtast tre til fire gonger i året fram til VM blir arrangert om to år. Komiteen vil både få framlagt saker til uttale og få ei generell orientering om drifta i VM-selskapet.

President i Noregs Skiforbund, Tove Moe Dyrhaug, leier hovudkomiteen som i dag møttest for første gong i lokala til skiforbundet på Ullevaal Stadion. Neste fysiske møte blir i Trondheim og Granåsen.

Arbeidet til hovudkomiteen for ski-VM 2025 i Trondheim er i gang. Foto: Claes-Tommy Herland, Noregs Skiforbund

Skipresident Tove Moe Dyrhaug innleidde dagens møte og orienterte litt om mandatet og arbeidet til hovudkomiteen. På møtet gav styreleiar for ski-VM Trondheim 2025 Bård Benum og dagleg leiar Åge Skinstad ein status for meisterskapen om drygt to år. I tillegg orienterte direktør for kultur og idrett Ola By Rise og kommunaldirektør Morten Wolden om anleggsutbygginga i Granåsen.

Kronprinsen sat òg i hovudkomiteen da Oslo arrangerte ski-VM i 2011.

Hovedkomiteen ski-VM 2025

Dagleg leiar Åge Skinstad for ski-VM 2025, skipresident og komitéleiar Tove Moe Dyrhaug, Kronprins Haakon og styreleiar for ski-VM Trondheim 2025 Bård Benum deltok på det første møtet. Foto: Claes-Tommy Herland, Noregs Skiforbund