Inspiserte Garden på Huseby
Den Høgvørde Kronprinsen føretok den årlege inspeksjonen av Hans Majestet Kongens Garde i dag. Under inspeksjonen delte Kronprins Haakon òg ut heidersteikna Gardens Ur og Brigader Leif Schanches æresbevisning.
31. mai 2023

Gardistar i paradeuniform helsa i kor da Kronprins Haakon hadde innteke plassen sin på appellplassen i Husebyleiren i Oslo. Tradisjonen tru hadde òg mykje publikum møtt opp for å få med seg inspeksjonen i det vakre forsommarvêret.

Utmerkingar
Leiande meinig Oda Topnes frå 1. Gardekompani fekk Gardens Ur som årets beste gardist. Gardens Ur blir skjenkt vernepliktige som har utmerkt seg spesielt i tenesta. Topnes, som kjem frå Sandnes, fekk Gardens Ur på bakgrunn av utrøytteleg arbeidsinnsats, svært god heilskapsforståing, utmerkt framferd, fagleg dugleik og særdeles gode evner til samarbeid og kommunikasjon. Tradisjonen med Gardens Ur skriv seg tilbake til 1934.

I tillegg delte Kronprins Haakon ut Brigader Leif Schanches æresbevisning – ein sabel – til oversersjant Preben Fossum frå 2. Gardekompani. Han har gjennomført tenesta si på ein eksemplarisk måte og såleis vore eit eksempel til etterfølging for både befal og gardistar.
Parade og drilloppvisning
Etter overrekkinga av utmerkingane kommanderte gardesjefen forbimarsj i parade. Inspeksjonen vart avslutta med drilloppvisning – eit alltid populært innslag under inspeksjonen av Hans Majestet Kongens Garde.

Kronprinsen helsa òg på offiserar frå det britiske regimentet The Green Howards, som var gjester under inspeksjonen. Kronprins Haakons tippoldemor, Dronning Alexandra av Storbritannia, vart den første kvinnelege æresobersten i regimentet i 1914. I 1942 vart Kong Haakon VII utnemnd til æresoberst i regimentet – ei ære som seinare òg vart Kong Olav V til del. I dag er Hans Majestet Kongen æresoberst i The Green Howards.

Gardeinspeksjon 2023




