Hopp til innholdet

Inviterte ildsjeler på te

Afternoon Tea er ein gammal engelsk skikk som bestemor til Hans Majestet Kong Harald, Dronning Maud, tok med seg til Slottet. I dag heldt Kongeparet teselskap for 65 eldre eldsjeler i Store Festsal.

10. oktober 2013

I dag holdt Kongeparet teselskap for 65 eldre ildsjeler i Store Festsal (Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix)

På denne måten ønskte Kongen og Dronninga å løfte fram den innsatsen som blir gjord av aktive eldre over heile landet. Prinsesse Astrid, fru Ferner var òg med for å gjere ære på eldsjelene i ettermiddag.

- Når Dronningen og jeg reiser rundt i Norge, møter vi frivilligheten overalt. Dette store, bankende hjertet er en viktig del av livskraften i små og større samfunn i landet vårt, sa Kong Harald i sin velkomsttale.

Langstrekt frivilligheit

Gjestene under ettermiddagens teselskap er engasjerte i idrett og kultur, lokalhistorie og politikk, sosialt arbeid og undervisning. Dei har alle merkt seg ut med ein aktiv innsats i lokalsamfunna sine – frå integrering av flyktningar frå Burma i Agder til arrangering av nattlege skiturar i Finnmark.

Ikkje alle er så heldige å ha helse til å vere aktive også som eldre. Og om ein er så heldig, er det inga sjølvfølgje å gje av tida si til nokon som treng det.

- Men det har dere som er her i dag valgt, sa Kongen - Derfor setter mange mennesker stor pris på dere. Derfor er dere av stor verdi for lokalsamfunnene deres. Og derfor er dere til inspirasjon for andre – i alle aldre.

Erfaringsutveksling og underhaldning

Det vart sett av godt med tid til å sitje ned, drikke te og samtale under ettermiddagens arrangement. Men eldsjelene fekk òg ei omvising på Slottet, lytte til konsert med Ole Paus og ikkje minst høyre Per Rein frå Tromsø, Astrid Hermstad frå Spydeberg og Sara Johannesen frå Bodø fortelje om engasjementa sine.

Afternoon Tea

Tradisjonen rundt Afternoon Tea har røter heilt tilbake til 1840. Etter seiande var det den sjuande hertuginna av Bedford som følte seg litt svolten da det framleis var lenge til kveldens middag. Ho fekk ideen om i all løynd å få servert te, brød og smør – og ei lita kake som dessert.

Til slutt vart ho oppdaga, og det viste seg at eit lite teselskap om ettermiddagen var det flere som syntest var hyggeleg. Afternoon Tea vart eit fint høve for litt hygge, med god mat og lett konversasjon.

Afternoon tea

I dag holdt Kongeparet teselskap for 65 eldre ildsjeler i Store Festsal (Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix)
Kong Harald, Dronning Sonja og Ptinsesse Astrid tar i mot ildsjeler fra hele landet (Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix)
God stemning rundt bordet (Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix)
Olaug Nordvik Løvaas (Sotra), Bitten Linge (Molde), Svein Jacobsen (Drammen) og Martha Vøien (Gran) er blant ildsjelene som var invitert til te på Slottet (Foto: Det konglige hoff)