Hopp til innholdet

Jubileumsmedalje

Kong Harald Vs jubileumsmedalje 1991–2016 er innstifta av Hans Majestet Kongen i høve 25-årsjubileet hans som konge i Noreg den 17. januar 2016.

17. januar 2016

Medaljen er tildelt medlemmer av Kongefamilien, medarbeidarar ved Det kongelege hoffet, Hans Majestet Kongens adjutantstab, Den kongelege politieskorten, tidlegare hoffembetsmenn og -kvinner og sentrale myndigheitspersonar som hjelper Hans Majestet Kongen og Kongefamilien i utøvinga av virket deira. I tillegg er jubileumsmedaljen tildelt utanlandske tilreisande gjester.