Julegudsteneste
Hans Majestet Kongen, Hennar Majestet Dronninga og Kronprinsfamilien var til stades ved den tradisjonelle juledagsgudstenesta i Holmenkollen kapell ved inngangen til Nordmarka i Oslo i dag.
25. desember 2014

Sokneprest Jan-Erik Heffermehl tok imot Kongefamilien og førte følgjet inn i kapellet. Under preika tok soknepresten utgangspunkt i første kapittel i Johannesevangeliet. Dei musikalske innslaga stod Aejin Park og Holmenkollen Kammerkor for.
Kongeparet og Kronprinsfamilien feirar jula på Kongssetra.
Holmenkollen kapell
Holmenkollen kapell vart opphavleg bygd i 1903 som ei panelt trekyrkje med stolpekonstruksjon. I 1992 brann kapellet ned, men det vart oppført på nytt i 1996. Dagens kapell har korsplan og 200 sitjeplassar. Det er bygd med inspirasjon frå stavkyrkjene med massiv plank og søyler i veggene av tettvaksen furu frå Rauland og Heidal. Bogane er laga av massive granrøter, og berre gamle handverksteknikkar er nytta.

