Hopp til innholdet

Julegudsteneste i Asker

Kronprinsfamilien innleidde årets julefeiring i ettermiddag ved å gå til den tradisjonelle gudstenesta i Asker kyrkje. Sokneprest Karoline Astrup tok imot Dei kongelege på kyrkjetrappa.

24. desember 2021

Kronprinsfamilien kjem til Asker kyrkje. Foto. Sven Gj. Gjeruldsen, Det kongelige hoff

Julegudstenesta vart innleidd med Grundtvigs salme "Det kimer nå til julefest", som vart skriven i 1817, og julebodskapen var det naturlege temaet for preika soknepresten heldt for kyrkjelyden.

Sokneprest Karoline Astrup heldt preika si over bodskapen i juleevangeliet. Foto: Sven Gj. Gjeruldsen, Det kongelege hoffet

Før juleevangeliet slik det står i Evangeliet etter Lukas, vart lese, song kyrkjelyden Alf Prøysens "Julekveldsvise" – ein kjær julesong som no er teken inn i salmeboka.

Forutan salmesongen til kyrkjelyden stod fiolinist Victoria Willumsen Lewis, solist Frida Lund-Larsen og kantor Ingvild Køhn Malmbekk for dei musikalske innslaga.

Fiolinisten Victoria Willumsen Lewis var blant solistane under julegudstenesta i Asker. Foto: Sven Gj. Gjeruldsen, Det kongelege hoffet

Gudstenesta vart avslutta ved at kyrkjelyden song «Deilig er jorden» – som opphavleg er ein folkemelodi nedteikna i tyske Münster i 1677.

Etter gudstenesta reiste Kronprinsfamilien til Skaugum for å feire julaftan saman med Kongeparet.

Kronprinsfamilien tok farvel med soknepresten på kyrkjetrappa. Foto: Sven Gj. Gjeruldsen, Det kongelege hoffet

Julegudstjeneste 2021

Kronprinsfamilien innleidde julefeiringa i Asker kyrkje. Foto: Sven Gj. Gjeruldsen, Det kongelege hoffet