Hopp til innholdet

Julegudsteneste i Asker kyrkje

Kronprinsfamilien var til stades ved familiegudstenesta i Asker kyrkje i ettermiddag. Dei vart ønskte velkommen av sokneprest Tor Øystein Vaaland da dei kom til kyrkja.

24. desember 2017

Kronprinsfamilien ankommer gudstjeneste i Asker kirke julaften. Foto: Torstein Bøe / NTB scanpix

Gudstenesta vart innleidd med salmen "Det kimer nå til julefest", og julebodskapen var tema for preika til soknepresten. Det musikalske stod Asker Bel Canto og songar Frida Lund-Larsen for.

Gudstenesta vart avslutta med at kyrkjelyden song "Deilig er jorden".

Etter gudstenesta bar det heim til julefeiring på Skaugum. Foto: Torstein Bøe / NTB scanpix

Etter kyrkjebesøket reiste Kronprinsfamilien til Skaugum, der dei feirar jula saman med familien til Kronprinsessa.

Julegudstjeneste Asker

Kronprinsfamilien ankommer gudstjeneste i Asker kirke julaften. Foto: Torstein Bøe / NTB scanpix
Etter gudstjenesten bar det hjem til julefeiring på Skaugum. Foto: Torstein Bøe / NTB scanpix