Klimakonferansen
H.K.H. Kronprinsen var til stades ved opninga av Det Norske Videnskaps-Akademi sin klimakonferanse i Oslo, måndag. Susan Solomon, forskar og medlem av FN sitt klimapanel, heldt foredrag om klimaendringane.
16. april 2007
Solomon gjekk gjennom den tidlegare offentliggjorte rapporten frå FNs klimapanel om årsakene til klimaendringane. Der blir det slått fast at vi er inne i ein periode med global oppvarming.
Denne oppvarminga er menneskeskapt og har kome som følgje av utslepp av klimagassar, og da særleg kulldioksid (CO²) frå forbrenning av karbon. FNs klimapanel har kome fram til at solflekkaktivitet og andre faktorar ikkje har noko å seia for den oppvarminga av kloden som vi er vitne til i dag.

