Klimaløysingar på Zerokonferansen
Den Høgvørde Kronprinsen var til stades på opninga av Zerokonferansen 2024 – der klimaleiarar i år møtast for å diskutere geopolitikk, energisikkerheit og grøn omstilling.
24. oktober 2024

For ti år sidan handla Zerokonferansen om at det grøne skiftet endeleg var i gang. I opningstalen såg Zero-leiar Stig Schjølset tilbake på barnesjukdomar og voksesmerter i den grøne omstillinga, og presenterte Zeros forslag til korleis vi skal klare det grøne skiftet.

Klima og geopolitikk
Statsminister Jonas Gahr Støre vart spurt ut av Zero-leiaren på scena. Under opningssesjonen heldt også klima- og tryggleiksanalytikar Erin Sikorsky eit innlegg om klima i den globale tryggleikssituasjonen, og Sara Brown, Europa-direktør i den uavhengige tenketanken Ember, presenterte status for den europeiske energiomstillinga.
Klimaløysingar på utstilling
Etter opningssesjonen på The Hub i Oslo besøkte Kronprins Haakon utstillingsområdet der han fekk meir informasjon om aktuelle klimaløysingar.

Höegh Autoliners presenterte ein modell av Aurora-skipet, verdas mest miljøvennlege djuphavs bilskip, som skal gå på rein ammoniakk frå 2027. For å utvikle Aurora-klassen har Höegh Autoliners inngått samarbeid med leiande norske selskap.
Kronprinsen besøkte også ein stand med Norsk e-fuel. Zero og Norges Idrettsforbund viste fram prosjektet sitt “Energismarte idrettsanlegg”.


