Kofi Annan ført til grava
Den Høgvørde Kronprinsessa representerte Noreg da tidlegare generalsekretær i FN Kofi Annan vart gravlagd i dag. Annan vart ført til grava ved ei statsgravferd i Ghanas hovudstad Accra.
13. september 2018

Mange ghanesarar har vist Kofi Annan den siste ære i Accra Conference Centre dei siste dagane. I dag var ei rekkje statsleiarar til stades under gravferda i Accra.

Kofi Annan var generalsekretær i FN frå 1997 til 2006. I 2001 vart han saman med FN tildelt Nobels fredspris for å ha revitalisert FN og bidrege til ei betre organisert og fredelegare verd.
– Kofi Annan var ein leiar med ei mild stemme, ein klar bodskap og ein utrøytteleg innsats for ei internasjonal verd prega av internasjonal lov og humanisme. Bortgangen hans er eit tap for verda, livsverket hans vil lyse også for framtidige generasjonar, skreiv statsminister Erna Solberg da dødsfallet vart kjent.
Etter tida som generalsekretær i FN arbeidde Annan som fredsmeklar, blant anna i Syria. Han leidde også organisasjonen The Elders, ei gruppe eldre statsleiarar som arbeider for fred og menneskerettar, og The Kofi Annan Foundation.


Kofi Annan døydde 18. august etter å ha vore sjuk ei kort tid. Han vart 80 år gammal.

