Kong Haakons kirke 50 år
Kong Harald og Dronning Margrethe var begge til stades på jubileumsgudsteneste søndag. Gudstenesta markerte at det var 50 år sidan Kong Haakons Kirke – sjømannskyrkja i København – vart innvigd.
24. november 2008
Over 200 menneske deltok i markeringa søndag, og fleire av gjestene hadde hatt eit aktivt forhold til denne kyrkja heilt sidan innviinga. Kyrkja som ber namnet hans, vart gjeven som ei folkegåve til Kong Haakon i 1955, og daverande Kronprins Olav la ned grunnsteinen.
– Kongehuset har hatt eit spesielt forhold til denne kyrkja heilt sidan ho vart bygd. For meg er Sjømannskyrkja ein heim i utlandet, ein stad der ein kan komme og vere litt i ro. Vi dreg alltid innom Sjømannskyrkja når vi er i utlandet, sa Kong Harald under besøket.
Gudstenesta vart leidd av biskop Ole D. Hagesæther og sjømannsprestane Magne Hoem og Vidar Dalby. Sissel Kyrkjebø deltok med salmesong.
Kjelde: Sjømannskirken.no
