Kong Harald som flyktning
Som liten gut var Kong Harald flyktning under andre verdskrigen. Denne erfaringa prega han heile livet.
3. september 2026

Under krigen vart Kongefamilien splitta. Kong Haakon og Kronprins Olav budde i London, der dei styrde landet saman med eksilregjeringa, medan Kronprinsesse Märtha og dei tre barna Prinsesse Ragnhild, Prinsesse Astrid og Prins Harald budde i USA. Å vere skilde frå kvarandre tæra på, og ingen visste kor lenge det ville vare.
Dette fortalde Kong Harald om då han våren 2022 møtte ukrainske flyktningar som hadde klart å flykte til Noreg etter den russiske invasjonen av landet deira i februar same året. Det gjorde sterkt inntrykk på ukrainarane då Kong Harald kunne fortelje at han òg hadde vore flyktning som barn. Han visste noko om kva dei hadde vore gjennom.
Flukta
Grytidleg om morgonen 9. april 1940 flykta Kongefamilien med tog til Hamar. Der vart familien skild. Kong Haakon og Kronprins Olav helt fram flukta i Noreg, medan Kronprinsesse Märtha og barna flykta vidare til Sverige. Det var vanskeleg å få løyve til å krysse grensa til nabolandet. Etter kvart kom dei fram tilKronprinsessa sin familie i Stockholm, der dei vart verande i fire månader. Likevel viste det seg at det ikkje var trygt nok for dei å opphalde seg i Sverige.
På invitasjon frå president Roosevelt vart det så avgjort at familien skulle reise til USA. Ferda gjekk først med bil til Petsamo i Nord-Finland, som i dag ligg i Russland. Under ein pause på vegen smakte den vesle prinsen kaffe for første gong, noko han ikkje kunne forstå at nokon kunne like. Kong Harald drakk ikkje kaffe resten av livet.
17. august la skipet American Legion frå kai i Finland med 1100 passasjerar. Ti dagar seinare, 27. august, kom det til hamna i New York. Familien var utslitne etter reisa, men i tryggleik.
Under President Roosevelt sitt vern
Familien vart straks teken hand om av president Roosevelt og kona Eleanor. Dei budde som gjester i Det kvite huset før dei i oktober kunne flytte inn i herskapsvillaen Pooks Hill nord for Washington. Det vart ein trygg og god heim for familien dei neste fire og eit halvt åra.
Roosevelt kom ofte på besøk. Av og til hadde han med seg gjester, som Winston Churchill. Prins Harald og prinsessene fekk eit nært og godt bestefar-forhold til presidenten.
Kvar jul kom Kronprins Olav på besøk frå London. I ei julehelsing sendt på radio i 1942 kan ein høyre stemma til fem år gamle Prins Harald:
– Far og mor og bestefar og vi barna gler oss til å kome heim. Gledelig jul alle saman.

Kvar 17. mai vart det halde mottaking og arrangert barnetog. Kronprinsesse Märtha bestemte òg at dei berre skulle snakke norsk med kvarandre på Pooks Hill – for å vere førebudde på at freden kunne kome når som helst. Dersom prinsessene sat øvst i trappa og snakka engelsk saman, ropa Kronprinsessa gjerne opp til dei: «Snakk norsk!».

Kronprinsesse Märtha og barna besøkte Little Norway i Toronto i Canada fleire gonger, der norske flygarar hadde treningsleiren sin. Der vart den vesle prinsen godt kjend med oberst Ole Reistad, som tok prinsen under sine venger og «tøffa han opp» med isbading og andre herdande aktivitetar. Prinsen vart heile Little Norways maskot.

Kronprinsesse Märtha arbeidde aktivt for Noregs sjølvstende medan ho var i USA, og reiste rundt i landet og tala Noregs sak. Det resulterte i at president Roosevelt heldt den berømte talen «Look to Norway» om den norske krigsinnsatsen i samband med overrekkinga av ein amerikanskprodusert ubåtjagar til det norske forsvaret i Washington i 1942.

Heimkomsten
I mai 1945 kom meldinga om at tyskarane hadde kapitulert og at Noreg igjen var eit fritt land. Kong Harald mintest seinare at alle snakka om og gledde seg til å «reise heim», men for han var det heilt motsett. Pooks Hill var blitt heime. Han skulle tilbake til noko framandt, noko han ikkje lenger hugsa.
20. mai reiste familien frå Washington til London. Prins Harald møtte Kong Haakon att for første gong på fem år. Den vesle guten forstod ikkje kva den dansk-norsktalande farfaren sa. Men dei fekk to veker på å finne saman att, både språkleg og menneskeleg, før dei tok fatt på heimreisa til Noreg.
Kongefamilien reiste med nattog frå London til Edinburgh. På perrongen ved avskjeden hadde mange menneske møtt fram og song dei av garde med «Ja, vi elsker dette landet». Dagen etter gjekk dei om bord i kryssaren Norfolk. Det første skipet i eskorten bak var Devonshire, som fem år tidlegare hadde segla Kong Haakon VII, Kronprins Olav og regjeringa over til England frå Tromsø.
6. juni steig eit stykke land fram frå tåka. Prinsen og Kronprinsesse Märtha stod på dekk, og prinsen spurde: «Er det Noreg, mor?» Det kunne ho stadfeste. Det var Lista som var den første delen av Noreg dei fekk sjå. Kong Harald har seinare fortalt at to av dei sterkaste inntrykka frå den dagen nettopp var det første synet av norsk land, og møtet med ei skute med norsk flagg og bjørkeris langt til havs.
7. juni segla Norfolk inn Oslofjorden. Synet av den jublande folkemengda var det ingen som kunne ha førebudd tre barn på. Ei påminning om denne store dagen i landet si historie og i Kongefamilien sitt liv får Kongen kvar fredag. I statsrådssalen på Slottet heng Axel Revold sitt store måleri «Kongefamiliens hjemkomst 1945».

Mellom den tyske kapitulasjonen 8. mai og Kong Haakon sin heimkomst 7. juni hadde Noreg vore under britisk overkommando ved generalløytnant Sir Andrew Thorne. Han tok imot Kong Haakon på Honnørbrygga med desse orda:
– Sir, I return to you your kingdom.
Kong Harald tok minna frå krigen og freden med seg gjennom heile livet, og møtte menneske som hadde opplevd noko liknande med djup innleving og medkjensle.



