Hopp til innholdet

Kongemåleri avduka

H.M. Kong Harald var i ettermiddag til stades i Fanehallen på Akershus festning under avdukinga av tre kongeportrett kalla «Frigjøringskongene».

26. mars 2015

Kong Harald i samtale med kunstneren Ross Kolby (Foto: Heiko Junge, NTB scanpix)

Dei nye måleria er måla av kunstnaren Ross Kolby og framstiller Kong Haakon VII, Kong Olav V og Kong Harald V. Majestetane er portretterte i ein alder av 78 år.

I sin tale framheva kunstnaren kva dei tre generasjonane av kongelege betydde for den norske motstandskampen, og korleis han har arbeidd fram portretta.

Direktøren for Forsvarets museum, Anne Bergh, stod for avdukinga, før Kongen tok måleria i nærare augesyn saman med kunstnaren Ross Kolby.

Dei tre måleria skal henge på Noregs Heimefrontmuseum i Oslo.

Rundt 200 menneske var til stades under avdukinga, blant dei forsvarsminister Ine Eriksen Søreide og Oslo-ordførar Fabian Stang.

Frigjøringskongene

Kong Harald i samtale med kunstneren Ross Kolby (Foto: Heiko Junge, NTB scanpix)
Direktøren for Forsvarets museer, Anne Bergh, avduker de nye kongemaleriene 26. mars 2015 (Foto: Heiko Junge, NTB scanpix)
Ross Kolbys portrett av Kong Haakon (Foto: Heiko Junge, NTB scanpix)
Ross Kolbys portrett av Kong Olav (Foto: Heiko Junge, NTB scanpix)
Ross Kolbys portrett av Kong Harald (Foto: Heiko Junge, NTB scanpix)
Kong Harald i samtale med kunstneren Ross Kolby (Foto: Heiko Junge, NTB scanpix)