Hopp til innholdet

Kongen hos Kongsberg Gruppen

Hans Majestet Kong Harald besøkte Kongsberg Gruppen i dag. Der fekk han eit innblikk i dei ulike teknologiområda ved bedrifta og framtidas løysingar.

12. februar 2019

Kong Harald i samtale med Kongsberg Gruppens styreleder, Eivind Reiten. Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

Med sine 205 år er Kongsberg Gruppen ei av dei eldste industribedriftene i Noreg. Ho har utvikla seg til ei høgteknologisk verksemd med over 80 prosent av omsetninga si utanfor landegrensene og er ofte med i næringslivsdelegasjonen når Kongeparet reiser på statsbesøk.

Første del av besøket vart halde på Carpus i Kongsberg Teknologipark, der Kongen vart møtt av barn frå Wennersborg skole.

Kong Harald vart møtt av barn frå Wennersborg skole. Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

Styreleiar Eivind Reiten og konsernsjef Geir Håøy ønskte Kongen velkommen til Kongsberg Gruppen.

Framtidas transportløysingar

Kong Harald fekk høyre om fleire spennande prosjekt i dag, med tematikk som spende frå botnen av havet til satellittane over oss.

Eitt viktig prosjekt er Yara Birkeland – det første utsleppsfrie og sjølvkøyrande containerskipet i verda. Prosjektleiar An-Magritt Ryste fortalde om arbeidet med skipet, som skal stå ferdig i 2020. Når det kjem i drift, skal skipet kunne erstatte 40 000 vogntogturar i året mellom Yaras gjødselfabrikk på Herøya i Porsgrunn og utskipingshamnene i Brevik og Larvik.

Kongen vart òg orientert om autonome undervassfarkostar og betydninga av avansert forsvarsteknologi.

Lette materialar er avgjerande viktig. Kong Harald fekk sjølv kjenne vekta av materialar som blant anna blir brukte på satellittar. Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

Shore Control Centre heldt Jon Bernhard Haustmark ein presentasjon om autonom skipsfart. Frå slike kontrollrom skal «digitale sjømenn» kunne halde oppsyn med og dirigere ein flåte av sjølvgåande skip. Kongen fekk høyre om moglegheitene – og utfordringene – med sjølvgåande skip.

I Shore Control Centre – kontrollrom for sjølvgåande skip. Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

Akademisk toppidrett

Kongsberg Gruppen er svært opptatt av rekruttering, både av ingeniørar og av fagarbeidarar, og tek inn 120 sommarstudentar kvart år. Dei har òg samarbeidd med studentorganisasjonen Revolve NTNU om deltakinga deira i verdas største ingeniørkonkurranse for studentar, Formula Student.

Revolve NTNU har delteke i Formula Student sidan 2012. Kvart år blir ein ny formulabil designa og bygd, og i 2018 vart laget nummer 2 med bilen Atmos.

Ingeniørstudentane i Revolve NTNU vart nummer 2 med bilen Atmos i den største konkurransen for ingeniørstudentar i verda. Foto: Guri Varpe, Det kongelege hoffet

Ingeniørstudentane har lagt ned eit enormt arbeid. Rundt 60 000–70 000 arbeidstimar går med om ein vil vinne – ved sida av studia. Bilen er bygd i karbonfiber, titan og aluminium. Det hadde vore umogleg å få til dette nivået av karbonfiber utan samarbeid med Kongsberg Gruppen, der karbon er eit satsingsområde.

Lunsj i direktørbustaden

Besøket vart avslutta med lunsj i den gamle direktørbustaden på Kapteinshaugen. Der fekk Kongen òg høve til å møte representantar frå andre selskap i industriklynga på Kongsberg.

Lunsj på Kapteinshaugen avslutta besøket. Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

Kongsberg Gruppen

Kong Harald på besøk hos Kongsberg Gruppen. Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix
Kong Harald ble møtt av barn fra Wennersborg skole. Susanne Rugaas Flatland og Tereza Klobucnikova ga blomster til Kongen. Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix
6. klassingene Susanne Rugaas Flatland og Tereza Klobucnikova ga blomster til Kongen. Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix
Kong Harald fikk et innblikk i Kongsberg Gruppens ulike teknologiområder og fremtidens muligheter. Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix
Terje Bråthen lar Kongen få kjenne på lettmaterialet som brukes blant annet i satellitter. Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix
Kong Harald i samtale med Kongsberg Gruppens styreleder, Eivind Reiten. Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix
I Shore Control Centre - kontrollrom for selvgående skip. Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix
Ingeniørstudentene i Revolve NTNU ble nummer 2 med bilen Atmos i verdens største konkurranse for ingeniørstudenter. Foto: Guri Varpe, Det kongelige hoff
Lunsj på Kapteinshaugen avsluttet besøket. Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix