Hopp til innholdet

Kongen opna nye Ahus

Torsdag stod H.M. Kong Harald for den offisielle opninga av nye Akershus universitetssjukehus. Kongen fekk oververe ei høgtsvevande opningsframsyning med musikk og trapesartistar før han opna det nye sjukehuset.

10. november 2008

Meir enn 450 gjester var til stades under opninga, der både profesjonelle kunstnarar og amatørar deltok. Tematikken i festframsyninga var livet – frå vogge til grav.

Omvising

Etter opningsseremonien fekk Kongen ei omvising ved barneklinikken og i sjukehuskyrkja, som er lagd til rette for alle trusretningar.

Ahus

Akershus universitetssjukehus – "Ahus" – ligg i Lørenskog og er den største arbeidsplassen i kommunen. Ahus er eit av dei største sjukehusa i landet og har pasientbehandling, forsking og undervisning som hovudoppgåver.

Det er over 4500 tilsette ved sjukehuset, som leverer helsetenester til dei 340 000 innbyggjarane i regionen.

(Kjelde: Ahus.no)

Ahus

Kong Harald i følge med styreleder Hanne Harlem i Helse Sør-Øst før den offisielle åpningen av nye Akershus universitetssykehus (Foto: Erlend Aas, Scanpix)
Akrobater i sving under åpningen av nye Ahus (Foto: Erlend Aas, Scanpix)
Trapesartister i sving under åpningen av nye Ahus (Foto: Erlend Aas, Scanpix)
Kong Harald tar imot en barnekoffert under åpningen av nye Akershus universitetssykehus (Foto: Erlend Aas, Scanpix)