Kongeparet i Hyllestad
Deira Majestetar Kongen og Dronninga besøkte verftsindustri som har vore råka av koronautbrot, og samtalte med ein ung tilbakeflyttar til ei av dei små, idylliske stadane i Hyllestad – på andre dag av Kongeparets reise i Vestland.
16. juni 2021

Hyllestad ligg vakkert til ved innløpet til den berømte Sognefjorden.
Kongeparet gjekk i land på kaia ved skipsverftet Havyard Leirvik i Hyllestad kommune i formiddag.

Koronaråka industriverksemd
Ordførar Kjell Eide tok i mot og gav ein kort presentasjon inne på verftet saman med direktør Karsten Sævik ved Havyard Leirvik.
Dei hadde ei samtale om Hyllestadsamfunnet knytta til næringsliv, omstilling, nye mogelegheiter for verftsindustrien og andre næringar, samt situasjonen under pandemien i kommunen.

Havyard Leirvik byggjer avanserte fartøy og elektriske ferjer og er den største verksemda i kommunen. I fjor haust heldt det over 100 år gamle verftet stengt etter eit stort koronautbrot. I kommunen med 1500 innbyggjarar og verftstilsette har 700 personar vore i karantene etter utbrotet.
Historiske kvernsteinsbrot og opning av ny kulturløype
Kongeparet besøkte Havyard Leirvik på ei reise i Sogn og Fjordane i 2002. Det blei også eit gjensyn med Kvernsteinsparken som Kongeparet besøkte under den same reisa.
Kvernsteinsparken i Hyllestad er eit utandørsmuseum i dei største steinbrota frå vikingtida og mellomalderen i Nord-Europa. Kvernstein var noko alle måtte ha på den tida. Utan kvernstein – ikkje noko mjøl og ingen mat. Kvernstein ble seld i hundretusental i heile Noreg, Sverige og Danmark.

Dronning Sonja opna Kvernsteinsparken i 2002. I dag opna Dronninga ei ny kulturløype, med same handkverna som for 19 år sidan. Elevar frå Hyllestad ungdomsskule fortalde om eit skuleprosjekt der dei besøker Kvernsteinsparken 2,5 time kvar veke for å lære om historia til Hyllestad og gamle handverk – som å smi og male korn.

Heim til Hyllestad
Tanja Kvellestad Akse (23) flytta heim til Hyllestad midt i studiane. Ho er mor til Conrad (1,5), og kjærasten har jobb i Hyllestad. I dag fortalde ho Kongeparet om ønsket om å flytte heim og om bachelorgraden i spesialpedagogikk frå Tromsø som ho har fullført heime i Hyllestad.

Hyllestad er eit lite samfunn og slit med det same som mange andre småbygder og mindre kommunar – fråflytting. Folketalet i kommunen har minka sidan 1950. Unge flyttar til byar og større tettstadar – og berre eit fåtal kjem tilbake etter studiane.
Tanja Akse hadde ein samtale med Kongeparet og ordføraren om kva som skal til for å bremse utviklinga.

– Det har vore ein lang maraton
Kongeparet og Kongeskipet Norge forlét kai i ettermiddag. Florø er neste og siste stoppestad på den tre dagar lange reisa til Kongeparet – den første offisielle noregsturen sidan koronapandemien råka for fullt i mars 2019.
Kongeparet har eit ønske om å få høyre korleis lokalsamfunn og folk har handtert den pågåande pandemien og kva for nokre erfaringar dei har gjort seg.
– Det har vært en lang maraton, uten at vi vet når det tar slutt, og det har nok tæret mye på folk. Og da har mange måttet omstille seg. Og det har de klart, sa Kongen etter besøket i Flåm – på fyrste dag av reisa.
– Det er imponerende hvor kreative mennesker er i en vanskelig situasjon. Og gitt de forholdene vi har levd med det siste året, klarer de allikevel å tenke nytt og fremtidsrettet. Det er veldig bra, avslutta Dronninga.
Hyllestad





