Hopp til innholdet

Kongeparet i Valdres

Hans Majestet Kongen og Hennar Majestet Dronninga starta fylkesturen sin til Oppland i dag. Det er seks kommunar i Valdres dei skal besøkje denne gongen, og Bruflat i Etnedal var første stopp. Kong Harald opna med å takke for den fine velkomsten.

7. juni 2010

"Hjertelig takk for en hyggelig og imponerende velkomst! Dronningen og jeg har lenge gledet oss til årets fylkestur hit til Valdres. Vi takker for denne muligheten til å møte dere og få et innblikk i livsvilkårene i denne delen av landet", sa Kongen i den første talen sin på denne turen.

Det eventyrlege Valdres

Kongeparet kom til Bruflat i Etnedal klokka 10.00 i dag tidleg. Bruflat hadde valt ”Det eventyrlege Valdres” som tema for presentasjonen sin for Kongeparet. Kongen og Dronninga vart følgde til festteltet, der framsyninga ”Draumen om kyre i Tinton” stod på programmet. Framsyninga byggjer på historier og segner frå dalen.

I den bakre delen av festteltet var det arrangert kunstutstilling med lokale krefter. Her var designarklede av Arne & Carolos, biletkunst av Monica Hansebakken og Thor Melby og kunsthandverk av Karianne Kay og Eli Bergsbakken.

Etter framsyninga og ein runde i kunstutstillinga spaserte Kongeparet til Etnedalsheimen. Det var arrangert fleire innslag langs vegen dit; Kongen og Dronninga fekk smake på lokal gardsis, Etnedal gym- og turngruppe hadde oppvisning, og det var musikalsk innslag med ”Bustenskjold”.

På Etnedalsheimen var det underhaldning og samtalar i daglegstua, der dei kongelege blant anna møtte 100 år gamle Eivind Lunde og Marte Evensen, noregsmeister i helsefag.

Skoleopning i Øystre Slidre

Frå Bruflat gjekk turen vidare til Øystre Slidre, der Kongeparet fekk oververe opninga av den nye skolen, Rogne skole.

Det er barna som er fremtiden. Å investere i deres kunnskap er det fornuftigste vi gjør”,sa Kong Harald i talen sin og heldt fram; ”Kunnskap har alltid vært viktig, og skoler med gode arbeidsplasser for lærere og elever og nye teknologiske hjelpemidler, er en fremtidsrettet investering. Ta derfor godt vare på den nye skolen, men ta også godt vare på hverandre på den nye skolen.”

Inne på skolen fekk Kongen og Dronninga sjå på kunstutstilling ved Grete Marit Mørk og Sigmund Aarseth, før dei besøkte eit av undervisningsromma, der elevar og lærarar viste fram moderne teknologi som skal brukast i undervisninga.

Kongeparet fekk òg ei orientering om føregangsbedriftene Bioforsk Løken og Beitostølen helsesportsenter under besøket i Øystre Slidre.

Valdres folkemuseum

Arrangementet i Nord-Aurdal kommune vart halde på Valdres folkemuseum. Kong Harald la ned blomster på krigsminnesmerket, og så vart det opplevingsvandring på museet. Elevar frå kommunen og frå kulturskolen underheldt med musikk og andre kulturinnslag undervegs. Det var òg elevar som stod for guidinga ved Skattebustogo og Røgnebygningen, noko Dronning Sonja la spesiell vekt på i talen sin etterpå:

Vi har vært så heldige å få oppleve en kulturvandring her på museet. Ikke en hvilken som helst vandring, men med barn som omvisere. Barn med god kjennskap til sin egen kultur, og som gjennom Storøyaprosjektet får formidlet forfedrenes historie. Er man bevisst sin egen historie, er man bedre rustet i møte med alt det nye i vårt moderne og internasjonale samfunn”, sa Dronninga og understreka kor viktig kulturformidling på tvers av generasjonane er som kjelde til røter og identitet.

Kongeparet fekk òg smake på den lokale rakfisken – eit produkt som har vorte noko av det mange knyter til Valdres.

I kveld held ordførarane i dei seks Valdres-kommunane som får besøk av Kongeparet på denne turen, middag for Kongen og Dronninga på Valdres folkemuseum.

I morgon held fylkesturen fram. Da er det Vestre Slidre og Vang som får besøk.

Fylkestur til Oppland: Dag 1

Kong Harald og Dronning Sonja ankommer Bruflat i Etnedal kommune (Foto: Kyrre Lien / Scanpix)
Kong Harald og Dronning Sonja fikk se forestillingen "Draumen om kyre i Tinton" (Foto: Kyrre Lien / Scanpix)
Kongeparet smaker på gårdsis (Foto: Kyrre Lien / Scanpix)
Dronning Sonja under besøket i Bruflat i Etnedal (Foto: Kyrre Lien / Scanpix)
Kong Harald og Dronning Sonja ser på noen av arbeidene til den lokale kunstneren Eli Bergsbakken (Foto: Kyrre Lien / Scanpix)
Kongen og Dronningen ser på lokale designklær av Arne & Carlos (Foto: Kyrre Lien / Scanpix)
Kongeparet besøker Etnedalsheimen hvor Dronningen hilser på Marte Evensen (Foto: Kyrre Lien / Scanpix)
Kong Harald og Dronning Sonja ankommer Rogne skole i Øystre Slidre (Foto: Kyrre Lien / Scanpix)
Kongeparet fikk også se kunst på Rogne skole, blant annet arbeidene til Grete Marit Mørk. (Foto: Kyrre Lien / Scanpix)
I Nord-Aurdal fikk Kongeparet en omvisning på Valdres folkemuseum (Foto: Kyrre Lien / Scanpix)
Kong Harald legger ned blomster på krigsminnesmerket på Valdres folkemuseum (Foto: Kyrre Lien / Scanpix)
Dronning Sonja (Foto: Kyrre Lien / Scanpix)
På folkemuseet fikk Kongeparet smake rakfisk fra området (Foto: Kyrre Lien / Scanpix)
Kongeparet underholdes med lausdans på Valdres folkemuseum (Foto: Kyrre Lien / Scanpix)