Kongeparet på besøk i Bø
Eit jubilerande kulturanlegg, grunnstein til studentbustader for Universitetet i Søraust-Noreg og tradisjonsrik bunadsproduksjon. Kongeparet fekk oppleve mykje da dei besøkte Bø i Telemark i dag.
30. september 2019

Barn og unge bidrog til ein stor folkefest ved kulturanlegget, der Hans Majestet Kongen og Hennar Majestet Dronninga kom til tonane frå skulekorpset i bygda. Gullbring kulturanlegg feirar 25 år i år.
240 barn frå barnehagane i Bø og Sauherad kommunar opna kulturprogrammet med songen "Alle treng nokon", før to noregsmeistrar på hardingfele – Ingebjørg Bø og Ola Narverud – overtok saman med spelemann og felemakar Ottar Kåsa.

Eldrid Lunden og Kristine Søgnen bidrog med diktlesing frå den store utandørsscenen. Midt-Telemark Allstars – ei gruppe sett saman av unge, etablerte musikarar med bakgrunn frå kulturskulane i Midt-Telemark – fortsette det kulturelle programmet for Kongeparet og dei mange frammøtte.

Ein ny kommune
Utandørsprogrammet vart avslutta med avduking av den nye ordførarkjeda for Midt-Telemark kommune. Det er dei to kommunane Bø og Sauherad som går saman frå 1. januar 2020. Gullsmed Gunnbjørg Listog forklarte om symbolikken og den kunstnarlege utforminga av kjeda.
Med sykkel til Gullbring
Etter at dansarar frå kulturskulane i Bø runda av det heile med halling og breakdance, sette Kongen og Dronninga seg godt til rette i sykkelen som førte dei frå utandørsarenaen til hovudinngangen på Gullbring. Bø er ein sykkelby og har lagt stor vekt på bringe bygdas eldre rundt med persontransportsyklane.

I Framstugo fekk Kongeparet høve til å høyre meir om både musikken, friluftslivet og andre aktivitetar for unge i Bø.
Nye studentbustader
Frå Gullbring bar det til Universitetet i Søraust-Noreg, som har ein av campusane sine i Bø. Kong Harald la ned grunnsteinen for dei nye studentbustadene som skal byggjast. Her blir det både leilegheiter og hyblar rett ved universitetet. Student Marija Bliznac frå Forfattarstudiet framførte ein tekst som er laga spesielt for høvet.
Avslutta på tradisjonsbedrift
Kommunebesøket til Kongeparet vart avslutta hos bunadsbedrifta Almankås.

Der fekk Kongen og Dronninga helse på fleire av dei tilsette som sat rundt sybordet i bedrifta, i full gang med nye bunader. Turen til den tradisjonsrike bunadsbedrifta avslutta Kongeparets besøk i Bø.
Bø i Telemark


