Kongeskipet klart for sesongen
Med høgtideleg mottaking og tradisjonsrike rammer gjekk Hans Majestet Kongen, Hennar Majestet Dronninga og Den Høgvørde Kronprinsen om bord på Kongeskipet Norge i ettermiddag. Embarkeringa markerer starten på seglingssesongen for befal og vernepliktige.
24. april 2026

«Leve Kongen! Hurra,” helsa mannskapet då sjaluppen med Kongeparet og Kronprinsen passerte Kongeskipet på styrbord side.
Etter at Kongen, Dronninga og Kronprinsen hadde gått om bord, inspiserte Kronprins Haakon mannskapet på akterdekket – før inspeksjon av fartøyet.
Kronprins Haakon sa nokre ord på vegner av seg sjølv og Kongeparet.
– De som er vernepliktige om bord og som ikkje har vore her så lenge, vil eg gjerne ønskje velkomne. Sjefen rosar dykk og seier at de har stått på skikkeleg bra dei siste vekene. Eg veit vi har ei veldig kompetent gruppe med befal om bord – kompetanse som de kan lære av. De står i ein stolt tradisjon med teneste i Forsvaret – i Sjøforsvaret og òg her på Kongeskipet, sa Kronprinsen.
Embarkeringa er historisk tidleg i år, allereie i april – vanlegvis skjer ho i mai – og alt i neste veke skal Kongeparet og Kronprinsen nytte Kongeskipet Norge som bustad i samband med markeringa av 80-årsdagen til Hans Majestet Kong Carl XVI Gustaf i Stockholm. I mai skal Kongeskipet segle til Vestland i samband med Kongeparet sin fylkestur.

Embarkeringa er ein tradisjon som går tilbake til 1948, då Kong Haakon VII fekk “Norge” i gåve frå det norske folket.

Kongeskipet
Fakta om Kongeskipet
- Lengde: 80,2 meter
- Bredde: 11,6 meter
- Dybde: 4,7 meter
- Bruttotonnasje: 1628 tonn
- Maksimumsfart: 16 knop
- Marsjfart: 14 knop
- Rekkevidde: 6500 nautiske mil
- Hjemmehavn: Oslo
- Kallesignal: LAMA
- Klasse: 1A1 Yacht
- Maskineri: To Bergen Diesel, 1760 hk hver
- Bygget av Camper & Nicholsons Ltd., Gosport, England i 1937
- Innredning: Arkitekt Finn Nilsson

