Kontinuerleg drift i 200 år
Hans Majestet Kong Harald vil vere til stades når Kongsberggruppen markerer 200-årsjubileet sitt i Oslo Spektrum i kveld.
1. november 2014

Kongsberg Våpenfabrikk vart grunnlagd av eidsvollsmannen og bergmeister Poul Steenstrup den 20. mars 1814. Det vart starten på det som skulle bli Kongsberggruppen – og starten på norsk forsvarsindustri. Bakteppet var sjølvsagt hendingane i 1814 med nytt sjølvstende og faren for ein krig med Sverige.
Frå produksjon av våpen og verktøy utvikla og utvida selskapet seg til det vi i dag kjenner som Kongsberggruppen: eit internasjonalt konsern som leverer høgteknologi innan offshore, shipping, forsvar og romfart, med kontor i over 25 land. Men hovudkontoret ligg stadig på Kongsberg.
Festmiddag
I kveld er styreleiar Finn Jebsen vert for middag og underhaldning i Oslo Spektrum. På det kunstnarlege programmet står både Ingebjørg Bratland, Arve Tellefsen, Joakim Røbergshagen, Lido-Lido, Ingrid Olava og Christel Alsos.
Det er òg venta at statsminister Erna Solberg vil halde tale for jubilanten.
Kongsberggruppen 200 år


