Kreftforskingspris til UiT-professor
Den Høgvørde Kronprinsen delte i dag ut Kong Olav Vs kreftforskningspris til professor Terje Johansen ved UiT Noregs arktiske universitet i Tromsø. Johansen mottar prisen for si verdsleiande forsking på korleis cellene våre kvittar seg med “søppel”.
10. juni 2024

Kronprins Haakon delte ut forskingsprisen på vegner av Kreftforeningen under ein høgtideleg seremoni i Universitetets aula i Oslo.
Johansen er globalt anerkjend som ein pioner på sitt fagfelt, som vert kalla selektiv autofagi, heiter det vidare i juryens grunngjeving.

I sin takketale framheva prisvinnaren at denne prisen ikkje set punktum for ein lang karriere innan grunnforsking.
– Prisen er berre meir bensin på bålet og meir motivasjon til å stå på vidare, sa Terje Johansen, som saman med eit forskingsteam er i gang med eit fireårig prosjekt der dei undersøker korleis kreftceller nyttar selektiv autofagi til å bli motstandsdyktige mot enkelte kreftmedisinar. Når dei finn ut korleis dette skjer, kan dei foreslå mottiltak som kan brukast i kreftbehandling i framtida.

Kong Olav Vs kreftforskningspris vart oppretta i 1992 og har sidan vorte tildelt av Kreftforeningen kvart år. Forskingsprisen går til ein kreftforskar eller ei forskargruppe som har bidrege til å fremje den norske kreftforskingas kvalitet og omfang.
