Hopp til innholdet

Som følge av Kong Haralds bortgang kan det forekomme en del feil på dette nettstedet en tid framover.

Kronprinsen av Abu Dhabi i audiens

Den Høgvørde Kronprinsen tok imot Sheikh Khaled bin Mohammed bin Zayed Al Nahyan, Kronprinsen av Abu Dhabi, i audiens på Slottet i dag.

7. oktober 2024

Kronprins Haakon tar imot kronprinsen av Abu Dhabi, Sheikh Khaled bin Mohammed bin Zayed Al Nahyan, i audiens. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

Kronprinsen av Abu Dhabi er på eit to dagar langt offisielt besøk i Noreg og reiste frå Slottet til ein arbeidslunsj med statsminister Jonas Gahr Støre.

Dei sameinte arabiske emirata spelar ei viktig rolle i regionen. Emirata var i fjor haust vertskap for klimatoppmøtet (COP28). Landet er ein stor energiprodusent og prioriterer det grøne skiftet og ny teknologi. Emirata har lenge vore eit viktig knutepunkt for norske maritime næringar. Besøket gir òg høve til å diskutere situasjonen i Midtausten, som er sterkt prega av fleire pågåande kriser.

Delegasjonen frå Dei sameinte arabiske emirata vil òg møte norsk næringsliv under besøket.

Kronprins Haakon tar imot kronprinsen av Abu Dhabi, Sheikh Khaled bin Mohammed bin Zayed Al Nahyan, i audiens. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB