Kronprinsen i Sogndal og Høyanger
Den Høgvørde Kronprinsen fortsette fylkesturen sin til Vestland i dag. I Sogndal fekk han oppleve ein kommune som satsar stort på utdanning, mens industri og omstilling var viktige tema i Høyanger.
27. september 2023

Kronprins Haakon vart møtt av elevar frå Trudvang skule da sjaluppen frå Kongeskipet la til kai i Sogndalsfjøra i dag tidleg. Kronprinsen tok seg tid til å helse på barna før det bar vidare til Høgskulen på Vestlandet – Campus Sogndal.

På Campus kom representantar frå Vestlandsforsking, studentar og forskarar ved høgskulen saman til ein samtale om klima og klimatilpassing – problemstillingar som var så tydelege i sommar med tørke, brannar og nedbørsrekordar over heile verda. Kronprinsen fekk høyre om korleis dei jobbar for å setje lokalsamfunn på Vestlandet i stand til å handtere meir vêr og bli enda sterkare.
– Dette er jo noko av det aller viktigaste vi gjer i verda akkurat no, og det vil nok vere det i lang tid framover, sa Kronprinsen i talen sin. – Det de gjer på høgskulen og i Vestlandsforsking, er spennande, det er imponerande, og det har veldig stor betydning for oss alle.

Sogndal er ein kommune med ei "ung befolkning" og eit stigande innbyggjartal. Det blir lagt stor vekt på utdanning – frå barnehage til ph.d. – og det er sterke koplingar mellom utdanning, forsking og lokalsamfunn.
Kronprins Haakon besøkte Fosshagen utdanningsbarnehage, der det blir samarbeidd tett med barnehagelærarutdanninga og aktuelle fagmiljø ved høgskulen. Der fekk han høyre om korleis natur og friluftsliv står sentralt i drifta av barnehagen – og møte barna til bålpanne og kubb.


Vidare til industrisamfunnet Høyanger
Etter besøket i Fosshagen returnerte Kronprinsen til Kongeskipet Norge, som tok følgjet videre til Høyanger. Der spelte dei mange lokale korpsa opp med Dixieland strut da Kronprins Haakon gjekk i land.
Korpsa var òg sterkt representerte i underhaldninga som venta, der om lag 300 korpsmusikantar deltok. Kronprinsen er beskyttar for Norges Musikkorps Forbund og sa seg godt fornøgd med sju korps på ein stad med 4000 innbyggjarar.

Høyanger er eit industrisamfunn med 100 års historie og ein del av grunnfjellet i norsk industrihistorie. Hydro Høyanger er framleis hjørnesteinsbedrifta i kommunen. Kronprins Haakon fekk høve til å møte tre generasjonar til samtale om Høyanger før, no og i framtida.

Hydro Høyanger har lagt om aluminiumsproduksjonen sin dei seinare åra. Omlegging og omstilling har gjeve færre arbeidsplassar ved verket. Kronprins Haakon tok opp balansegangen mellom industri og natur i talen sin:
– For 100 år sidan vart naturen tamd for å skape industri, vekst og velferd. I dag har bruken av naturressursane vorte ein krevjande balansegang. Behovet for meir kraft til viktig industri er stilt opp mot vern av sårbar natur. Det er ikkje vanskeleg å sjå at det finst gode argument på begge sider, og vi skjønner at dette er ein vanskeleg situasjon for eit lokalsamfunn å vere i.
– Som den gongen skaper også vi i dag framtidas Norge — saman. Og saman må vi finne ut av dette. De i Høyanger er kjende for å tenkje stort, og for å tenkje på fellesskapet. Eg har tru på at vi saman skal klare å komme fram til gode løysingar.
Hydro Høyanger
Kronprins Haakon runda av opphaldet i Høyanger med eit besøk til Hydros anlegg. Der vart han ønskt velkommen av fabrikksjef Ann Synnøve Øygård.

Anlegget i Høyanger starta opp i 1917 og vart ein viktig del av industrireisinga i Noreg. I 2004 valde Hydro å leggje ned forureinande produksjon, og i dag er Hydro Høyanger eit av de mest effektive aluminiumsverka i Europa.
Mottaking
Kongeskipet er base under fylkesturen langs Sognefjorden, og i kveld inviterer Kronprinsen til mottaking om bord. På gjestelista står menneske som har bidrege til å realisere dei mange opplevingane som blir reisefølgjet til del undervegs.
I morgon går turen videre til øykommunen Solund, som blir siste stopp på fylkesturen i haust.


