Hopp til innholdet

Kronprinsen og Prinsen rodde Myklebustskipet

I snøvêr, sol og regn besøkte Den Høgvørde Kronprinsen og Prins Sverre Magnus Nordfjordeid, og var med å ro Myklebustskipet ut på fjorden, saman med mannskap frå rolaget Myklebust.

25. april 2026

Prins Sverre Magnus sitter i rekonstruksjonen av Myklebustskipet og ror på rekke med flere andre som er kledd i vikingklær.
Prins Sverre Magnus er med og ror Myklebustskipet i Nordfjordeid. Foto: Ola Vatn / Det kongelige hoff

Myklebustskipet er det største vikingskipet som det er funnen spor etter i Noreg. Det vart funne i ein gravhaug på Nordfjordeid i 1874.

Kronprins Haakon ror sammen med resten av mannskapet i Myklebustskipet. I bakgrunnen ser man fjell og mørke skyer
Kronprins Haakon er med og ror Myklebustskipet, som er eit av dei største vikingskipa det er funne restar av i Noreg. Foto: Ola Vatn / Det kongelige hoff

Besøket tok til ved Sagastad, eit kunnskapssenter som åpna i 2019 og som arbeider med å formidle kunnskap om vikingtida, og om dei funna som er gjorde på staden Myklebust som ligg berre få undre meter unna. Kronprinsen og Prinsen fekk ei orientering av Synnøve Aabrekk dagleg leiar av Sagastad om korleis lokalbefolkninga har arbeidd for å reise ein fullskala rekonstruksjon av vikingskipet, og om staden si historiske rolle som høvdingsete.

Prins Sverre Magnus og Kronprins Haakon står inne på Sagastad sammen med et følge kledd i vikingklær
Kronprins Haakon og Prins Sverre Magnus får ei omvising på Sagastad, eit kunnskapssenter som formidlar vikinghistoria på Nordfjordeid. Foto: Ola Vatn / Det kongelige hoff

Deretter gjekk besøket vidare til gravhaugen «Rundehågjen», der Morten Ramstad får Universitetet i Bergen, Geir Holmen, kultursjef i Stad kommune og Marita Melheim Myklebust som er grunneigar fortalde om utgravinga og arbeidet med å søke om å bli tatt opp på UNESCOs verdsarvliste.

Kronprins Haakon og Prins Sverre Magnus går nedover gravhaugen der Myklebustskipet ble funnet sammen med et større følge.
Kronprins Haakon og prins Sverre Magnus «Rundehågjen» saman med arkeolog Morten Ramstad frå Universitetet i Bergen, der Myklebustskipet vart funne. Foto: Ola Vatn / Det kongelige hoff

Myklebustskipet er 30 meter langt, 6 meter bredt og har 24 par årer. Under trygg leiing av skipper Rolf Nore og bestmann Harald Ola Kolseth, la rolaget på 44 roarar ut på tokt på fjorden. Både Kronprinsen og Prinsen fekk også æra av å stå til rors på skipet.

Kronprinsen og Prinsen i Nordfjordeid

Prins Sverre Magnus står bakerst i et vikingskip, med en hånd på roret og den andre som peker i været. I forgrunnen sitter flere personer kledd i vikingklær med hver sin åre. I bakgrunnen er fjell og blå himmel i sikte
Prins Sverre Magnus fekk også prøve seg som styrmann på vikingskipet. Foto: Ola Vatn / Det kongelige hoff
En mann kledd i vikingklær står med ryggen til midt i et stort vikingskip. På hver side av han sitter det en rad med folk som peker med åren til værs. I bakgrunnen ser man fjell og solglimt gjennom skyer.
Ut frå talet på naglar reknar ein med at Myklebustskipet var minst 25 meter langt, og dermed truleg det største vikingskipet det er funne spor av i Noreg. Foto: Ola Vatn / Det kongelige hoff
Prins Sverre Magnus står med en roåre i hendene ombord på et vikingskip. Rundt han står flere andre kledd i vikingklær med årer i hånda.
Prins Sverre Magnus får ei rask innføring i korleis ein ror eit vikingskip. Foto: Ola Vatn / Det kongelige hoff
Kronprins Haakon og Prins Sverre Magnus møter ivrige barn og foreldre på bryggen i Nordfjordeid. Flere personer i bakgrunnen forsøker å få et glimt med mobilkamera
Fleire hadde møtt opp på bryggja i Nordfjordeid for å høyre kronprinsen, og prinsen hadde opplevd ferda på fjorden med vikingskipet. Foto: Ola Vatn / Det kongelige hoff
Kronprins Haakon og Prins Sverre Magnus møter båtbyggerne av Myklebustskipet på brygga i snøvær
Båtbyggjarane Ola Morits Følsvik, Ottar Kåre Bjørkedal, Dag Inge Bjørkedal, Jakob Daniel Bjørkedal, Jakob Kolbein Helset og Erlend Helset fortalde om arbeidet med å utarbeide det 30 meter lange vikingskipet. Foto: Ola Vatn / Det kongelige hoff
Prins Sverre Magnus strekker ut hånden og hilser på en person kledd i vikingklær med hjelm og skjold. På bildet er også Kronprins Haakon og en til person kledd i vikingantrekk. I bakgunnen ligger det en café
Prins Sverre Magnus helsar på elevar frå vikinglivlinja på Fjordane folkehøgskule. Foto: Ola Vatn / Det kongeligge hoff
To elever fra Fjordane Folkehøgskule er kledd i vikingklær og har en opptreden foran Kronprins Haakon og Prins Sverre Magnus, som sees i bakgrunnen. De befinner seg utendørs
Oppvisning frå elevar ved vikinglivlinja på Fjordane Folkehøgskule. Foto: Ola Vatn / Det kongelige hoff