Kronprinsen opna flytande vindpark
Hywind Tampen er verdas største flytande havvindpark og forsyner olje- og gassprodusentar i Nordsjøen med elektrisk kraft for å kutte CO2-utslepp. I dag var det offisiell opning på Gullfaks C-plattforma.
23. august 2023

Den Høgvørde Kronprins Haakon markerte opninga av vindparken ved å kople to skøyteleidningar saman – godt assistert av statsminister Jonas Gahr Støre.

Før den offisielle opninga, med talar frå statsminister Støre og konserndirektør Kjetil Hove i Equinor, fekk Kronprinsen ei omvising på Gullfaks C av plattformsjef Trond Osen i Equinor.
Dei fem Gullfaks- og Snorre-plattformene er dei første olje- og gassplattformene i verda som får kraft frå havvind for å kutte CO2-utslepp. Det er forventa at vindkraftløysinga kjem til å redusere desse utsleppa med 200 000 tonn kvart år.

Hywind Tampen har en systemkapasitet på 88 MW og vil dekkje om lag 35 prosent av det årlege behovet for kraft på Snorre A og B og Gullfaks A, B og C. Vindparken blir styrt frå Equinors kontorstad i Bergen.
Hywind Tampen
