Kronprinsen på dialogkonferanse
Den Høgvørde Kronprinsen var til stades på dialogkonferansen til Muslimsk Dialognettverk i Oslo. Den muslimske mannen var tema for konferansen.
23. januar 2025

Muslimsk Dialognettverk (MDN) er ein paraplyorganisasjon for muslimske trussamfunn som representerer over 53 000 muslimar over heile Noreg.
MDN er særleg engasjert i dialogarbeid og medlem av Samarbeidsrådet for tros- og livssynssamfunn.

Den muslimske mannen
Tema for konferansen i år var den muslimske mannen – korleis negative stereotypiar og diskriminering påverkar den psykiske helsa.
– Å kunne forstå det krysspresset mennene står overfor i samfunnet, heimen, på jobben, vil gjere det lettare å lage tiltak som treff, uttaler nestleiar og konferanseansvarleg i Muslimsk Dialognettverk, Arshad Jamil, i ei pressemelding.
Psykologar, forskarar og andre fagfolk var inviterte for å belyse tematikken.
Mot
Ordførar i Oslo, Anne Lindboe, heldt opningstalen på konferansen, der ho roste Muslimsk Dialognettverk for det verdifulle arbeidet dei gjer på tvers av trussamfunn – og for mot til å ta opp viktige tema.
– De er modige. De tør å snakke om det som nokre gonger kan vere litt vanskeleg, og de går rett på sak. Og det gjer de òg med årets konferanse, understreka ordføraren.
