Kulturrådets ærespris til Dissimilis
Prinsesse Astrid var til stades då Dissimilis Norge fekk Kulturrådets ærespris for det banebrytande arbeidet sitt med å styrkje mangfald, inkludering og kunstnarisk deltaking i kulturlivet.
12. desember 2025

Kulturrådet har sidan 1968 delt ut ein ærespris for ein innsats av vesentleg betydning for norsk kunst- og kulturliv. Æresprisen er ei anerkjenning av menneske og organisasjonar som har gitt oss noko som varer.

– Eit samstemt kulturråd er glade for å gi årets ærespris til ein organisasjon som har vore med på å forme menneskesynet i Noreg og som bidreg til eit rikare og meir mangfaldig samfunn, sa Sigmund Løvåsen, rådsleiar i Kulturrådet.
Nathalie Sturim, generalsekretær i Dissimilis, tok imot prisen og heldt ei takketale på vegner av organisasjonen.
– I dag får Alf Prøysen, Mari Boine, Arve Tellefsen og Anne-Cath. Vestli, mellom andre, selskap av Dissimilis Norge, sa generalsekretæren til applaus frå salen. – Dette er eit tydeleg signal om at det Dissimilis Norge gjer, er kultur av aller høgste kvalitet. Punktum.
– Kjære kulturråd. I Dissimilis Norge arbeider vi for eit rikare kulturelt samfunn og for å sjå alle. I dag er det vi som kjenner oss sette. Tusen takk, sa ho.




Historia
Dissimilis arbeider for at menneske med utviklingshemming og funksjonsnedsetjingar skal ha ein plass i kulturlivet som likestilte utøvarar og medmenneske.
Historia til Dissimilis starta tidleg på 1980-talet. Kai Zahl starta bandet Blostoppbandet for at sonen Børge skulle få spele i band. Med musikalen “Dissimilis – en annerledes musikal”, sett opp i 1987, vart namnet etablert. Etter kvart voks det fram stadig fleire Dissimilis-grupper rundt om i landet. I 1992 vart paraplyorganisasjonen Dissimilis Norge stifta, og i 1994 kom Dissimilis nasjonale kompetansesenter.

I dag har organisasjonen 130 lokale grupper med til saman 1200 medlemmar over heile landet. Dei driv band, dansekompani, teatergrupper og andre kunstnariske uttrykk.
Prinsesse Astrid har vore beskyttar for Dissimilis sidan 1995 og til stades på dei fleste av dei årlege juleframsyningane.
Kulturrådets ærespris
Vinnaren av æresprisen får 700 000 kroner og ein løvestatuett laga av bilethoggaren Elena Engelsen.


