Lærte om norsk arkitektur
I føremiddag deltok Hennar Majestet Dronninga på Utanriksdepartementets møte for kulturmedarbeidarane ved norske ambassadar verda over. Norsk arkitektur var temaet.
28. april 2015

Saman med kulturmedarbeidarane fekk Dronning Sonja ei innføring i norsk arkitektur i eit internasjonalt perspektiv.
Gjennom korte presentasjonar kasta møtet lys over tema som:
- Korleis er norsk arkitekturs internasjonale posisjon?
- Kva pregar norsk arkitektur, og korleis blir han vurdert?
- Kvifor er berekraft viktig i spørsmålet om arkitektur?
- Kor langt kan Noreg strekkje ambisjonane sine?
Møtet fekk òg fagleg påfyll frå direktør Stein Olav Henrichsen ved Munchmuseet, som snakka om den internasjonale strategien til museet.
Offisiell middag
I kveld er Dronninga til stades ved den offisielle middagen på Akershus Slott som statsråd Thorhild Widvey held for kulturutsendingane.
